Besøk i sauefjøsen hos Konrad Rogne
1. og 2. årstrinn
![]() |
I samband med at vi har temaveker om sauen, fekk vi tysdag 23/10
besøke sauefjøsen til Konrad Rogne . Denne dagen skulle sauene klippast, og vi skulle vere så heldige at vi fekk vere med på dette. Vi køyrde spente og full av forventning inn til Klongrene på Rogne. Her var det nokre sauer ute som skulle på slakteriet. Resten var samla inne og dei skulle klippast til vinteren og innesesongen. |
![]() |
![]() |
| Sauene var feite og fine, og tjukk av ull på heile
kroppen. Spente barnehender fekk kjenne på dei og grave litt rundt i
ulla deira. Nokre av sauene var så spake at elevane til og med fekk
klappe snutane deira. I ein lys og triveleg fjøs gjekk fine og reine
sauer klare til klipping. Nedanfor er sauebonden klar med elektrisk saks og coopersect, eit middel for å halde flugene unna og sørge for at lusa ikkje set seg på sauane etter klipping.
|
![]() |
![]() |
Nedanfor ser vi bilete av ein sau med ull, og ein som er klipt. Dei vart betydeleg smalare når ulla forsvann. Ulla vart samla i sekkar. Vi som var på besøk fekk med oss ull frå to sauer som vi skal nytte på skulen. Der skal vi i dagane framover karde, spinne, tove, farge og prøve å strikke med ull. |
![]() |
![]() |
![]() |
Nedanfor er nokre av dei mange fine bileta som vart tekne under besøket. Det var både spennande og kjekt synest elevane. Mange hadde ikkje klappa og sett sauer på så nært hald før. Det var spennande å få oppleve sauer som åt silo av hendene, og våte sauemular som kom og ville ha kos. La oss håpe det vert sauer på øya vår også i framtida, og at ikkje sauen blir eit dyr vi berre kan lese om i bøker, eller sjå på film. Ei rik oppleving for både elevar og lærarar. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |