Småskulesteget på skidag 6.januar
Forfriskande å starte årets første utedag med ski på beina. Elevane på 1. - 3. årstrinn hadde utedag og i flott januarvèr la vi ut på skitur. Det hadde minka litt på snøen, men det var flott skaresnø som var att. Etter ei stund fann vi oss ein bakke der vi kunne renne på ski og ake på madrass. Det var mange skitalent å sjå blant elevane, og vel tilbake på skulen fekk dei diplom for god innsats på skidagen. Skuledagen vart avslutta med å skrive og teikne i uteboka frå turen. Mange av elevane skreiv at det hadde vore ein kjekk dag, og at dei hadde kosa seg på ski. Ikkje vanskeleg å tru på det når ein studerer bileta frå turen
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
: