Temaverkstad henta frå Norrøn mytologi - Balder

 

31.januar hadde elevane frå 1.-3.årstrinn temaverkstad henta frå norrøn mytologi. Denne gongen var det guden Balder som stod for tur å lære om. Vi innleiia og fortalde om då Balder døydde. Ei spennande forteljing som gav inspirerte elevar.

 

 

Her er stoffgruppa i gang med å lage den vene og lyse Balder. Etterkvart måtte dei fram med metermål og sjekke kor høg dei hadde klart å lage han - og mange vart overraska då dei såg han faktisk var høgare enn dei sjølv var.
Her er plastelinagruppa i sving med å lage ting frå forteljinga. Gruppeleiar var flink å ta imot idear frå dei andre på gruppa og saman vart dei einige om kva dei skulle lage, og kven som skulle lage kva.
Her er to blide elevar frå klossegruppa som fekk eit stort arbeid med å bygge Balder og alle som ville leikeslåst med han. Figuren i bakgrunnen ville ikkje leikeslåst - han hadde nemleg laga pil av misteltein, den einaste planta som ikkje hadde lova å ikkje skade Balder.
Her er hesten Sleipner - som hadde åtte føter og dermed kunne springe dobbelt så fort. Her spring han over Gjallarbrua på veg til Hel i dødsriket for å hente heim Balder. Dersom alle ting på jorda gret og sørga over Balder ville Hel gi han att, men det var ein som ikkje ville sørge - og dermed fekk dei ikkje att Balder. Trist og dramatisk slutt, men spannade verkatad!
  Etter framføring og ros, var det tid for å skrive og teikne frå opplevingane. Det var ikkje vanskeleg å skrive etter så mange inntrykk og opplevingar. Etterpå kunne elevane vise stolt fram arbeida sine.

(For meir informasjon om arbeidsmåte på verkstaden sjå eigen link om dette på heimesida vår!)