Terje Vigen - eit fellesprosjekt for 1.-3.årssteg Flem skule

Sidan det i år er Ibsenåret, og det blir markert at det er 100 år sidan Henrik Ibsen døydde, bestemte vi oss for å ha tema om Henrik Ibsen og Terje Vigen på småskulesteget.

 Det fall seg naturleg å ha dette som tema fram mot elevfesten som 1.-til 3.-årssteg skulle arrangere og at det heile skulle ende i ei framføring der elevane fekk vise kva dei hadde lært.

Vi jobba i ca 1 månad med prosjektet.

Først hadde vi om Terje Vigen på temaverkstad. Då fortalde vi litt om diktet, korleis det var i Noreg på denne tida og litt om Ibsen. Deretter jobba elevane i små grupper i ulike materiale med tema frå diktet Terje Vigen.

Her er plastelinagruppa i full sving  med å lage det dei huska frå diktet.

Klossegruppa konsentrerte seg tidleg om å lage båten som Terje Vigen brukte då han rodde til Danmark for å skaffe mat til seg og familien sin.

Den engelske korvetten vart også laga - og elevane leika og dramatiserte hendingane.

Her er dramagruppa i gang med framføringa. Også dei var inspirerte av robåten og dramatikken på havet.

Under viser målegruppa fram det dei har laga til dei andre. Det vart eit detaljrikt måleri med både det vesle huset til Terje og familien, gravsteinen hans og sjølvsagt dramatikken på havet.

Etter elevane hadde fått eit visst kjennskap til diktet og diktaren jobba vi med å skrive dikt og skrive om Terje Vigen. Vi lytta også til ei innspeling av diktet på cd og såg på bilete.

Hendingane i diktet vart det også mykje god samtale av. 

Vi scanna ein del bilete frå diverse bøker som det vart laga PP-presentasjon av. Desse brukte vi også på elevfesten medan elevane las og dramatiserte versa. I alt er det 43 vers i diktet. Vi valde ut ca 20 som elevane kunne utatt. Resten dramatiserte dei.Alle fekk minst eit vers dei måtte lære. Desse kan dei enno. Truleg er det lærdom for resten av livet.        
Til elevfesten kunne alle elevane minst eit av versa i diktet. 1. årssteget dramatiserte også ein del av scenene. Her er Terje i Danmark for å kjøpe tre tønner bygg som han skal ro heim.Framføringa vart godt motteke av publikum - og fleire av foreldra har uttrykt at dei gler seg til 17. mai då det blir reprise.

Trass i vanskeleg språk og mange uforståelege ord som måtte lærast, opplevde vi at elevane synest det var kjekt å lære versa utanatt. Den fine framføringa av versa må også foreldra heime få sin del av æra for.