"Skipet som ikkje kunne synke" - "TITANIC"  

Torsdag 20/11 hadde vi temaverkstad på småskulesteget. Denne gongen lærte vi om Titanic. Det store skipet som ingen trudde kunne synke, men som gjorde nettopp dette på jomfruturen sin på veg frå England til New York. Først fortalde vi historia om Titanic til  samla gruppe. Deretter arbeidde elevane på 6 ulike stasjonar der dei jobba med ulike materiale.
Over ser vi målegruppa i full sving. Dei var inspirerte av historia og laga Titanic. Det var spennande å studere bøkiene og sjå kor fin båten var inni. Tenk han hadde både badebasseng, postkontor, spaavdeling og kennel for hundar! Dette var sjølvsagt for passasjerane som reiste på 1. klasse.

Til venstre ser vi det ferdige resultatet.

Bileta på sidene og over viser stoffgruppa i arbeid. Dei laga også Titanic,men hadde også med redningsflåtar og isfjell. Til venstre viser dei for dei andre kva dei har laga. Gruppeleiaren peikar og fortel.
Her er klossegruppa i arbeid og under visinga. Dei laga ein stor modell av skipet i tre, og eit stort isfjell. Det var spennande å sjå kva dei hadde laga  etter verkstaden var slutt. Dei hadde til og med laga eit lite skuespel som viste ein u-båt som dykka ned og for inn i båten, slik det skjedde då han vart funnen på 90-talet. Elevane viste at dei kunne mykje om Titanic.
Sandgruppa laga isfjella og dei viste korleis mange vart redda i livbåtane og av redningsbåten som kom først. Her måtte det både legofolk, plastbåtar og ei fjøl til for å illustrere det som skjedde. Legg merke til at ikkje alle fekk vere med i livbåtane, over 1500 omkom.
Plastelinagruppa bygde ein stor modell av skipet og det måtte byggast mange folk for å vise at det var over 2200 menneske ombord.
Dramagruppa hadde laga skuespel over kva som skjedde då skipet traff isfjellet. Det var to elevar som hadde kledd seg ut som isfjell. Dei hadde laga både Titanic og ein redningsbåt og spelte ivrig rollene sine som kaptein, styrmann og passasjer. Legg merke til alle isfjella som flyt på golvet.....  Etter alle gruppene hadde vist det dei hadde laga og gruppeleiraane hadde fortald. Var det tid for verkstadboka. Her skreiv og teikna elevane frå det dei hadde lært. Ikkje vanskeleg å finne på noko å skrive denne gongen nei! Ein kjekk verkstad for både store og små!