Utedag med samisk mat!  

Småskulesteget jobbar for tida med tema om samane. Førstkomande søndag (6/2) er det samane sin nasjonaldag, og det veit nok mange av elevane no!

På utedagen denne veka hadde vi samisk mat som tema. Vi tok turen til den flotte grillhytta som Nordøy Idrettslag har sett opp i Flemsfjøra. Her var det godt og varmt, og at det var litt ruskevèr ute, gjorde det heile berre enno meir koseleg.

 

Elevane fekk smake samisk gryterett med reinsdyrkjøt og samiske brød. Det smakte kjempegodt! Sjølv om det vart litt mykje røyk til tider inne i hytta, var det artig å få lage eigne brød og steike dei på takka over bålet.
Det vart tid til litt leik i "fjøreskogen" også!

Etterpå var det tid for å gå tilbake til skulen og jobbe i uteboka!

 

Oppskrift på gryteretten

Steikt reinsdyrskav                                    Viltsaus (evt. av Toropakke ;-)               Grønsaker (poteter,gulrot,brokkoli,sopp, m.m.)

Bland saman alt i sausen av kjøt, poteter, brokkoli .

Kok til grønsakene er mjuke.

 

Oppskrift på "samisk brød":

1kg kveitemjøl, 3dl fint rugmjøl, 50g gjær, 3ss sirup, 3/4 l mjølk, 1dl matolje.

Bland alt det tørre. Tilsett så væske med utrørt gjær. Hev til dobbel storleik. Form små flate kaker med hendene og steik dei på takke til dei er litt brune.