Ivrige elevar lagar grønnsakssuppe. Alle måtte hjelpe til å skjere opp grønnsakene. Gapahuken i Djupedalen er eit flott område til uteskule.
Det var spennande å sjå korleis maten kokte på stormkjøkkena. Det var godt å steike rå grønnsaker også. Gapahuken i bakgrunnen.
Sjølv om det regna heile turen var humøret på topp. Elevane fekk lære om grønnsaker og dei hadde i oppdrag å finne blad og nåler frå ulike treslag. Det måtte klatrast i trea også for å finne dei finaste blada.