Utkledningsfest på Flem skule!

Fredag før haustferien var det tid for elevfest på Flem skule. Det var småskulesteget sin tur å arrangere fest, og det skulle vere utkledningsfest.

På førehand hadde vi laga til handdokker som skulle seie fine ting til elevane på mellomtrinnet under festen. Til venste er 2. årstrinn klare til fest. Til høgre ser vi 1. årstrinn. Under er bilete frå då 1. årstrinn laga til sine dokker.  Det var stas å få dei med heim etter festen.

Det var spennande å få kle seg ut, og mange hadde lagt mykje arbeid i kostymene sine.

Det var mange prinsesser og røvarar, men til venster ser vi ei papegøye frå Kardemomme-by.

Elevane i 3. klasse har lært mykje om FN, og framførte tusenårsmåla som organisasjonen har sett. Elles var vi innom tema frå Kardemommeby der både røvarar og papegøyer dukka opp på scena.

Etter fellesmåltidet, som denne gongen var hamburgarar, var det tid for å vise seg fram på scena og fortelje kva ein hadde kledd seg ut som.

Dei vaksne hadde også kledd seg ut til  festen.    

Her er nokre blide damer!

 

Etter programmet frå scena dansa vi disko bakerst  i salen til Camp rock. Etter det var det tid for ein "Røris". Her er der rørsle etter musikk. og heile skulen dansa synkront. Dette har vi blitt kjempeflinke til!  Tilslutt song vi "Lev vel"- songen og det var klart for ein velfortent haustferie.

Flinke elevar på Flem skule!