Fredag 28. oktober var det utkledningsfest på Flem skule. Det var 1.-3. årstrinn som hadde ansvaret for program og matservering. FN dagen vart også markert. På biletet ser vi nokre av elevane frå 3. årstrinn som fortalde frå historia til FN.
Sjarmtroll frå 1. årstrinn som sjarmerte publikum med songen "Se min kjole".
Alle måtte vere med på "Ram-ta-ta" Her er tre proffar på dette området. Det var mange instruksjonar å følge for publikum. Nokre av turane var nok enklare enn andre.
Velkomstsong høyrer sjølvsagt med til ein elevfest.
Alle elevane på småskuletrinnet hadde laga kvar si handdokke som hadde til oppdrag å gje ros til ein elev på mellomtrinnet. 
Det var mange ulike kostyme å sjå blant elevane. Alt frå fine prinsesser til skumle trollmenn.