VÅRSTEMNING  I   FLEMSFJØRA

 

Torsdag 19. mars var småskulesteget på tur i Flemsfjøra. Vi gjekk fjøra frå skulen og ut til bruvegen. Ei ryddig og fin fjøre takka vere Flem vel sin årlege ryddeaksjon. Sjølv om det er tidleg vår yrar det allereie av liv i fjøra. I dag skulle vi sjå ekstra etter fuglar, og vi vart ikkje skuffa! Vi observerte seks par med ærfuglar og fleire tjeldar  gjekk i fjøresteinane. Elles krydde det også av hegre, grågås kråker og måse. Nedanfor er det bilete av nokre av fuglane vi såg. Det var spennande å liste seg nær og spionere på dei.
Ved bruvegen har det blitt laga til ein fin møtestad med informasjonstavle om øya vår. Her kunne vi finne ut kvar vi no var på øya, og det står om dei ulike tilboda og stadane som er her. Elevane studerte ivrig informasjonen på tavla og dei mange fine bileta som er der.
Etter at vi hadde studert fuglar og hatt matpause var det tid for å studere livet i Haugfjøra. Dette var ei fjøre vi ikkje har vore i tidlegare. Her var  det mykje spennande å finne!  Særleg artig var det å finne ålar. Ålen på bileta på sidene her var omlag 20 cm lang og vanskeleg å halde!

 Blåskjellfjøra nedanfor Monsgarden var også ei fin fjøre å studere. Her var det blåskjell i stor mengder. Vi opna og studerte korleis muskelen i eit blåskjell ser ut. Litt ekkelt, men nyskjerrige elevar både kjende og lukta på muskelen.

Det er alltid kjekt å vere i fjøra med elevar. Her er det mykje å studere og tida flyg. Ivrige elevar leitar etter levande dyr, lagar akvarium og leikar.

 

Våren er ei fin tid og i Flemsfjøra er det definitivt no vår!