"Vårt lokalsamfunn"

- eit undervisningsopplegg i samarbeid med Haram innovasjonsstudio og Ungt Entreprenørskap M&R.

 

 

 4. og 5. årstrinn lærer om oppbygging av eit lokalsamfunn gjennom prosjektet  "Vårt lokalsamfunn". Elevane har hatt tre økter der rettleiar Cine F. Austnes har vore på besøk med eit flott undervisningsopplegg. Bak opplegget står Ungt Entreprenørskap M&R.

 

Her er elevane ivrig i gong med å planlegge sitt eige lokalsamfunn. Alle fekk utdelt eit arbeidshefte, med varierte og spennande oppgåver.
Gjennom rollespel lærte dei korleis pengane er i omløp i samfunnet. Dei fekk lønn for utført arbeid, og måtte disponere pengane til neste lønning. Ei utfordring vi mange kjenner til.....
Ovanfor ser vi elevar som deltek i eit demokratisk samfunn. Her må dei bli einige om fordeling av arbeid og pengar.  Vanskeleg, men viktig å bli einige.
Elevane har arbeidd med liv og lyst.

Dette var kjekt!

Takk til Cine for flott gjennomført opplegg!