Vi lagar oljelampar
![]() |
Torsdag 17.februar hadde småskulesteget utedag. Denne gongen skulle
vi lage oljelampar.
Oljelampane vert laga av veikar frå lyssiv. Til brensel nyttar vi matolje, og til lampe eit metall-lok. Alle elevane fekk lage sin eigen veike og prøve å tende på lampane. Etterkvart som oljen vart varmare, fekk vi laga 3 flotte oljelampar. |
![]() |
![]() |
![]() |
Alle elevane fekk plukke seg nokre lyssiv som dei måtte
ta med seg opp i skogen.
|
![]() |
Vel framme ved "Christerhytta" delte vi oss inn i tre grupper. Så satte vi oss i små ringar og elevane fekk renske lyssiva og laga seg veikar. | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Det var spennande å få prøve å tende på veikane. Elevane venta
ivrige på at lyktene skulle ta fyr, og gradvis tok dei til å brenne
sterkare. Etterpå vart det tid for litt leik i skogen også. Då kom det både dinosaurar, jegarar og romvesen på besøk. :-) Det var ein triveleg dag ute, og no merkar ein godt at sola varmar også. Snart er det vår! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |