Kunnskapsdeling 6/11-08
Foredrag for teknisk avdeling RR og foreldrekveld

Torsdag 8/11 var ein spennande dag for alle oss som har
jobba med Robolab.
Først tok vi turen over vegen og presenterte prosjektet vårt for teknisk
avdeling på Rolls Royce.
Om kvelden var det foreldrekveld der vi var delt inn i
ulike grupper som fekk presentert litt av det vi har jobba med på skulen i det
siste.
Tradisjonen tru, avslutta vi kvelden med litt underhaldning frå scena, og
kveldsmat for både små og store.
Vi håper foreldra no har eit visst inntrykk av kva Robolab-prosjektet dreier seg om.

Vegen til Rolls Royce er ikkje lang, så vi valde det mest miljøvennllege alternativet og tok beina fatt.

Vi fekk synt fram både logg, teoridel og teknisk
del for ca 20 ingeniørar.
Ein dag vil kanskje nokre av desse elevane vere ein av desse?
Vi
takkar Rolls Royce for samarbeidet!!!