AKTIVITETSKVELD PÅ FLEM SKULE 5/10-2006
- Natursti og kveldsmat!

Torsdag 5.oktober møttest elevar med sysken og foreldre til ei sosial stund i lag. På uteområdet var det laga ein natursti der det mellom anna var spørsmål frå tema som elevane har lært om i aktivitetsveka si. Familiane var fordelt på 12 grupper som sirkulerte på 12 ulike postar med aktivitetar og spørsmål.

Post nr.1: BRANNVERN

Kva er naudnummera til Brannvesen, ambulanse og politi?

Kva temperatur bør ein ha når ein skal kjøle ned ein brannskade og kor lenge?

Kva tre ting må til for at ein brann skal oppstå?

 

Post nr.2: Vekt/ Antal/ Høgd.

Her skulle ein tippe kor mange steinar som var i eit glas, kor tung ein stein var og kor høgt det var opp til den nedste greina på eit tre.

Post nr.3: Alder på eit tre:

Alderen på eit tre kan ein rekne ut ved å måle omkrinsen rundt stammen ca. ein meter over bakken og deretter dividere med 2,5.

Post nr.4: KONGLEBASKET.

Alle skulle kaste fem kongler kvar, og deretter skulle ein rekne ut kor mange treff ein hadde tilsaman.

Post nr. 5: Namn på tre.

Her skulle ein finne namnet på 6 ulike treslag:
Gran, furu, hassel, bjørk, rogn og lønn.

Post nr.6: TRAFIKK.

Kor høg eller tung må ein vere for å nytte vanleg bilbelte?

Kva er påkrevd utstyr på ein sykkel?

Kva må du passe på når du skal krysse vegen på sykkel?

Post nr.7: BALANSERING.

Her skulle små og store prøve ut balansekunstene sine!

Leik: To personar står mot kvarandre. Det er om å gjere å skubbe den andre ned utan å miste balansen sjølv!

Post nr.8: SYKLING

Her fekk ein teste ut ei sykkel-løype med ulike utfordringar undervegs.

Post nr.9: "GRIS"

Her er det om å gjere å ta i mot ballen. Mister ein ballen fire gongar kan ein bli "gris"!

Post nr.10: "STYLTER"

Her var det mange vaksne som briljerte med ferdigheitene sine.
Nye generasjonar må også lærast opp!

Post nr. 11: BASKET- TURNERING.

Her stiller alle seg i ei rekkje.
Det er kvar sin gong å treffe korga. Dersom du ikkje treff må du stille deg under korga når den andre kastar. Dersom den andre treff korga då, er du ute av leiken.

Post nr.12: LIVREDNING.

Her fekk alle prøve brystkompresjon og munn-til-munn metode.

Ein øvde også på å leggje kvarandre i stabilt sideleie.

Underhaldning:

1.-3.klasse opna stunda innandørs med å synge "Sandvika vår".

Songen var vakkert illustrert med lysbilete i bakgrunnen!

Kveldsmat for 120 personar!

Elevane hadde baka bollar og rundstykke heile veka!

Ei triveleg stund med mat og prat!