FAIRPLAY-CUP
PÅ HARAMSØY 4.OKTOBER 2007:

Mellomstega til Flem skule, Haramsøy skule og Lepsøy skule arrangerte  torsdag 4.oktober ein Fair Play Cup. Frå Norges Fotballforbund og Norsk Tipping fekk alle skulane ein utstyrspakke til Fair Play Cup, som inneheld ballnett med ballar og to sett med markeringsvestar. Det var Ann-Iren Austnes (lærar på Lepsøy skule) som tok initiativet og var drivkrafta bak arrangementet.

Det vart ikkje kåra nokon vinnar. Gevinsten var å kome i lag, få forståing av at alle er ulike, men likevel like god. Det var miksa lag frå alle tre øyane. Elevane fekk ei god moglegheit til å bli kjent med kvarandre, skape god lagånd gjennom å rose å oppmuntre kvarandre. Alle lag spelte 3 kampar, og mellom kampane fekk dei også tid til å gjennomføre ei orienteringsløype med innlagde postar med spørsmål om Fair Play.

 "Anni" hadde sørga for gode innslag frå AaFk: Sjølvaste stadionsjefen, Øyvind Vebenstad, snakka på ein tydeleg og forståeleg måte om Fair Play og mobbing. Alle lærte i alle fall noko konkret: Nemleg å helse på kvarandre før kampen, og takke kvarandre etter kampen. Dette fekk dei høve til å "prøve ut" i runde to av cupen. Som "takk" for at han fekk kome delte han ut Aafk-maskot-fotballar og armband med "Aafk-logo." Tine Meierier og ØkoFrukt AS sponsa med drikke og frukt, medan Sparebanken Møre sponsa alle elevane med drikkeflaske. Så ingen gjekk tomhendt heimn etter denne dagen!
   


Norges Idrettsforbund  ved Laila Marie Haram frå Right to Play fortalde litt om opphaldet ho hadde i Zambia. Der hadde ho erfart korleis det var å vere den einaste kvite i mils omkrets. Barna var livredde ho- til å begynne med! Men dei forstod fort at ho var der i god hensikt. Ho viste også kva barna der brukte til fotballar: Dei pakka saman ting dei fann av plast og strå og spelte med det. Ord til ettertanke!

Stor takk til Ann Iren Austnes og til vergudane som viste seg frå si mildaste side!!! Dette var "fole" kjekt!