| Onsdag den 27/2 var det
innskriving ved Flem skule.
Det var mange som lurte på kva denne
innskrivinga eigentleg var, og nokre trudde kanskje dei skulle starte på
skulen allereie no?
Alle som ville, fekk i alle fall skrive namnet sitt på arket. Dei
vordande 1.klassingane fekk helse på rektor og lærarar, og dei fekk sjå
klasseromma der dei skal vere til hausten.
Alle fekk med seg litt skulesaker heimatt slik at dei kan øve seg litt
på å vere skulegut eller skulejente. Etter sommarferien byrjar dei for
alvor.
Det vert 9 førsteklassingar til hausten. Vi gler oss! |