| Elevfest fredag 14.april | |
| Vi hadde ei
fin avslutning før påske. 5. årstrinn hadde laga elevfest for heile
skulen. Kvar elev hadde fått sitt personlege bordkort med namn og
teikning. På programmet var det song, sketsjar, bordkonkurranse, leikar, blokkfløytespeling og diskotek. |
![]() |
![]() |
![]() |
| Noko av det mest spennande var filmen som 5.årstrinn hadde laga. Den heitte "Skrekk2" og handla om mystiske ting som skjedde på skulen. | ![]() |
![]() |
![]() |
| Dagens overraskelse kom frå Birgit. Ho hadde montert skulen si nye fane. Det er elevar som no er konfirmantar som har laga fana då dei var elevar her, men monteringa har stått att heilt til no. Birgit fann på ei lur løysing. Resultatet får de sjå 17.mai. Vi må nok også finne ein vegg å pryde fana med når ho ikkje er "ute og luftar seg"... | ![]() |
![]() |
![]() |
| Maten smakte godt! Det stod pizza på menyen denne gongen. | Og etter maten var det diskotek. 5.klasse-gutane ordna ut med det tekniske. |
![]() |
![]() |