Vi hoppar oss i form!


Flem skule er med på ein hoppetaukonkurranse. Hoppetaukonkurransen arrangerast av Nasjonalforeningen for folkehelsen, og elevane frå 4.-7.årstrinn har fått eit gratis slengtau til kvar elevgruppe. Det skal registrerast poeng i perioden 14.april til 25.april.

Konkurransereglar
Elevane får poeng kvar gong dei bruker friminutt, pauser eller minimum 10 minutt av ein time til å hoppe tau.

• Hopp i friminutt og pauser = 5 poeng
• Hopp i storefri = 10 poeng
• Hopp i undervisningstime (minimum 10 minutt) = 10 poeng

Poenga registrerast kvar dag på en registreringsplakat i klasserommet.

Når konkurransen er ferdig, skal det reknast ut gjennomsnittspoeng for klassen.
Dei flinkaste klassene i landet vinn pengepremiar

Ta gjerne med hoppetau heimanfrå! Ein blir sprek og glad av å hoppe!

Her kan du lese meir om hoppetaukonkurransen:
Link til Nasjonalforeningen for Folkehelsen