Eksternvurdering – kva er det?

av TMO 7/3-2007

I veke 12 får Flem skule besøk av eksterne vurderarar. Emnet som skal vurderast er bruken av IKT i skulekvardagen. Bokstavane IKT står for ”Informasjons- og Kommunikasjons- Teknologi, på folkemunne gjerne kalla ”data”. Får elevane med skulen sitt opplegg ei tilstrekkeleg basisopplæring  innanfor emnet IKT?

Skulen har sjølv valt ut dette emnet, fordi IKT har vore utviklingsområde sidan hausten 2005.

 

 

Då vi skulle velje oss eit utviklingsområde i samband med overgang til ny læreplan, valte vi IKT som fokusområde. Vi visste at IKT var ein av basisdugleikane i ”Kunnskapsløftet.” Også foreldra hadde gitt signal om at det var ynskjeleg at skulen satsa meir på IKT. Dette ville vi fordjupe oss i, og vi sette av tid og innsats i skuleåret 2005/2006.  Vi hadde eit todelt mål med utviklingsarbeidet: For det første ville vi heve kompetansen til lærarane innan IKT, slik at vi kunne bli tryggare både for eigen del og for elevane sin del. For det andre ville vi sjå korleis vi kunne drive ei systematisk opplæring av elevane innan emnet.

 

Arbeidet har gitt resultat. Vi har blitt tryggare i bruken av IKT, vi har blitt meir medvitne om korleis og til kva IKT kan brukast, vi har blitt meir fleksible med tanke på organisering og bruk blant elevane, og ikkje minst har vi fått eit nytt ansikt utad gjennom skulen si heimeside. I år har vi også fått gleda av å ta i bruk ein oppdatert maskinpark.

Ekstern vurdering er noko som har blitt utarbeidd i samarbeid mellom fleire av kommunane på Nordre Sunnmøre. I veke 12 får vi besøk av to ”ekspert- vurderarar” frå ein annan kommune. Vurderinga gjerast på bakgrunn av 3 dagars observasjonar av undervisningssituasjonar og intervju med elevar, lærarar og foreldre ved skulen. På slutten av den 4.dagen blir resultata av vurderinga lagt fram. Her blir det presentert både sterke sider og forbetringspotensiale innan vurderingsemnet. Resultata i vurderinga vil til slutt bli lagt fram i ein offentleg rapport.

 

Vi ser spente fram til vurderinga, og håper at den kan hjelpe oss i den vidare utviklinga mot å bli ein betre skule!

 

Link til skulen si heimeside


Frå aktivitetskveld med foreldre hausten 2004.

 

Skulen sin IKT plan finn du her.
Program for veke 12 (ekstern vurdering) Les meir her.
Les meir om ekstern vurdering på sida til Nordre Sunnmøre Kompetanseregion.