Konsert: "Ein dag..."
Denne konserten var på Flem skule den 4.januar.

Her er nokre bilete frå framsyninga. Elevar frå 3. og 4. årstrinn deltok saman med skodespelar Inger Bakke:
 

  Her er det som står på Fylket sine sider om konserten:
 

 

 

.

 
 


"Tida er eit merkeleg fenomen. Av og til går tida altfor sakte, medan når ein ynskjer at tida skulle stå stille, kva skjer da? Jo, då spring ho av garde i vill fart! Ein dag kan gå kjempefort, eller kjeeeeempesaaakte - eller kanskje begge deler.
Musikk tar tid og har ulikt tempo. Kanskje kan eit musikkstykke vare ein heil dag? Eller kanskje kan ein heil dag få plass i ein skuletime? Musikken kan i alle høve vere med frå morgon til kveld - berre høyr og sjå kva som hender i denne konserten!
"Ein dag.." er tittelen på den musikalske historia om ein heilt vanleg dag i ei heilt vanleg jente sitt liv. Vi får vere med inn i hennar tankeverd og inne i hovudet hennar er det fullt av musikk! Spørsmålet er berre om  det er musikken som styrer henne eller om det er ho som styrer musikken!
Konserten er utan ord, men publikum vil kanskje kunne fortelje ei historie etter opplevinga likevel? Her er det musikken som fortel historia! Kva skjedde eigentleg? Her er det ingen fasit!
Utøvarane har arbeidd med å improvisere fram ei leikande konsertframsyning der den musikalske historia står i sentrum!"

Om kunstnar/utøvar/gruppe

Bjørnar Myhr er ein allsidig pianist som er busett på Vigra. Han er utdanna frå Trondheim musikk-konservatorium og han har lang erfaring som solist, kammermusikar, akkompagnatør og bandmusikar. Bjørnar er ein av våre faste Møremusikarar i Møre og Romsdal og er stasjonert i Ulsteinvik kulturskole.
Øystein Salhus er utdanna fiolinist og musikkterapeut. Han har tidlegare turnért for Rikskonsertene i Møre og Romsdal med konserten "I begynnelsen var bevegelsen". Øystein bur i Volda og har utdanninga si mellom anna frå Musikk-konservatoriet i Bergen.
Inger Bakke er skodespelarinne frå Ålesund. Ho har arbeidd mykje med framsyningar som inneheld både musikk og teater, og har mellom anna samarbeidd med Teater NOR i Stamsund, Ålesund Strykekvartett. I 2003 vart framsyninga "Trassig som fanden" vist på Kulturtorget i Molde.