DESEMBER MÅNAD VED FLEM SKULE

No er året omme, og som alltid har det gått rasande fort! Dette halvåret vart det prosjektet om "Fiskarbonden" som fekk størst merksemd.

Men jula kan vi heller ikkje unngå! Her følgjer nokre bilete som syner litt av aktivitetane vi har halde på med i desember månad:

Julkeverkstaden var den 3. og 4. desember.
Elevane fekk velje mellom 7 ulike ting å lage. Alle fekk lage to ting.

Englar

Kjekt med ei hjelpande hand!

Det er kjekt å arbeide saman!

Nissejenter

Kjeglenissar

Julehjarte

Mange bitar å halde styr på...

Snømann-bilete

Her blir det produsert flaskenissar!

Her er nissefamilien samla!

Klokkestrengar
Tinga som vart laga vart brukt til å pynte salen med då det var julefest den 18.desember.

Det vart rett så flott - akkurat slik det skal vere!

 

Her kjem nokre bilete frå sjølve festen:

Det var tradisjonelt program: 1. og 2. klasse var oppdressa som Maria og Josef med følgje. Dei største klassene viste eit skodespel basert på Alf Prøysen si forteljing om "Bygda som gløymde at det var jul." Det var kaffi og kaker, julenissebesøk og gang rundt juletreet. Ekstra kjekt synest vi det er å få besøk av småungane i bygda; dei komande elevane våre. Rekrutteringa er viktig!


1.klasse

Her er lystennarar og solistar. Modige og flinke!

Det var maaange snille barn i salen...

Flem skule bidrog med tekstlesing og song i kyrkja den 21/12:

 

 

 


Her er nissane til 6. og 7.klasse. Dei er sydd på symaskin og rakk å bli ferdige til jul!

 

 

 

...Og så var det ferie!!!

 

 

Eg ynskjer alle ei retteleg god jul og  ein fin ferie!

Takkar elvar, foreldre og tilsette for samarbeidet i året som har gått!

 

Helsing Tanja

Standen til SFO var imponerande flott!
Og her er peparkakehuset: