KATTE-KONSERT PÅ FLEM SKULE 12.MARS 2010
Fredag 12.mars hadde vi besøk frå kulturnista. Denne gongen var det musikarane Karoline Isaksen og Asgeir Hoffart som underheldt med song og piano og litt skodespel.


Elevane hadde på førehand øvd inn fleire av songane, så det var livlig stemning i salen.


Også "Tigerguttane" på barnehagane fekk vere med på konserten denne gongen.

   
Vi har dessutan "KATT" som tema for "Månadens" musikk, bilete, dikt og ordtak.

Nokre kattelinkar finn du her:

tunkatten.no (nynorske språksider)

rosina.wachtmeister.de (månadens kunstnar)

Videoklipp frå musikalen "Cats"

På denne sida kan du finne lydklipp av nokre av songane vi høyrde på konserten:
Om konserten Kattekista

 

 


Månadens kunstnar heiter Rosina Wachtmeister