Triveleg avslutning på leseaksjonen:
FELLESMÅLTID MED BOKPREMIAR!
Fredag 19.mars

Det vart trekt bokpremiar til ein elev frå kvart klassetrinn. I tillegg gjekk vi gjennom svara frå leserebusen, og vinnarlaget vart kåra. Premien: Ein pakke boktavkjeks på deling. Alle elevane har fått diplom for deltaking på leseaksjonen og i tillegg vanka det ei overrasking: Heimelaga skulebolle til alle! Nam! Takk til 3. og 4.trinn som laga i stand til fellesmåltidet!
Tysdag 9.februar var det lese-rebus ute. Laga var sett saman på tvers av klassene. Det var både vanskelege og lette spørsmål!
Det har blitt mange og laange  bokormar i klasseromma:
Fadrane og fadderbarna har hatt mange trivelege lese-økter i lag: