| Nettverks-samling på Flem skule 16.04.2007 | |
| Skulane på Haramsøy, Lepsøy og Flemsøy/Skuløy har dette skuleåret møttest i nettverkssamlingar. Vi har alle dei same utfordringane når det gjeld å setje den nye læreplanen ut i livet. Då er det kjekt å kunne møtast for å utveksle erfaringar om forskjellige emne. | ![]() |
| Det stod fiskesupe på menyen. Kjekt med mat og prat før vi set i gong møtet. | ![]() |
| Denne gongen hadde vi tre ulike
tema under lupa: Småskulestega utveksla erfaringar rundt det å drive språk- og matematikkverkstad. Det vart vist til forskjellig materiell som er i bruk; både kjøpt og "heimesnikra". Det vesentlege med desse verkstadene er å vere konkret og å få tatt i bruk heile kroppen i læringa. Øving i samarbeid og problemløysing er også viktige moment i verkstadspedagogikken. |
![]() |
| Mellomstega hadde bruk av IKT som tema. Her har Flem skule hatt ekstern vurdering innan emnet og vi presenterte resultata og erfaringane frå denne vurderinga. Vi viste også kommunikasjonsverktyet "E-twinning", der ein kan oppnå kontakt og samarbeide med andre skular i Europa. Haramsøy viste oss korleis vi kan bruke lyd- og musikkprogram i undervisninga. | ![]() |
| Ungdomsskulestega utveksla
erfaringar og tankar kring avvikling av munnleg eksamen. Vi håper nettverksamarbeidet kan halde fram også neste skuleår. Det er både sosialt og nyttig; ei ny form for "øyhopping"! |
![]() |