SAMARBEIDSPRISEN TIL "FLEMS KLIMAPANEL"!

Laurdag den 8.november var den store dagen der.
Vi var med på FLL-konkurranse for første gong. Mange var spente.
Kom vi frå det med æra i behald?
Svaret ser de her:
Vi fekk pokal for å vere det laget med best lagånd, best arbeidsfordeling og
best samarbeidsevne
av alle dei 17 laga som deltok i konkurransen!


Konkurransen var veldig proft arrangert.
23 mediestudentar frå Høgskulen i Volda filma det heile (direktesendt via web).
"Q-Jon" var programleiar, og heile arrangementet var skikkeleg organisert.
 
Her ser de  "Lego-maskoten" vår som gjorde ein flott innsats!

Det var innmarsj på ekte OL-vis.  
 

Vi gjorde det skarpast på 1.runde, med 75 poeng. Då låg vi på 7.plass.
Etter tre runder kom vi på 13.plass av 17 lag.
 

 
Her blir teorigruppa vurdert.               Her forklarer dei korleis robotane fungerer.
Vi fekk skryt fordi vi var det einaste laget som hadde valgt å bruke lyssensor til eit av oppdraga.

Takk til flinke elevar, lærarar, foreldre og RR som har støtta oss!!!