Her kjem eit lite utval
av bilete teke på skidagen. Vi rakk det akkurat før det vart
verskifte.
Det var ein fin dag med blide og fornøgde ungar og vaksne.
Nokre var erfarne skiløparar mens andre hadde ski på beina for
første gong...
Felles for alle var at dei la bak seg distansen frå skulen og inn
til Børstova. Slettes ikkje verst!