|
TUR RUNDT ØYA 20.AUGUST |
||
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Andre skuledagen
gjennomførte vi den tradisjonelle turen rundt øya. Dagen starta noko grått, men det kom seg betrakteleg utover dagen. Det var mange hinder undervegs, ei spennande løype å gå. Noko vått var det i enkelte parti, men varmt og fint i veret og ingen sure miner. I enden av løypa venta ei stor panne med pølser, og svært mange nytta høvet til å ta seg ein dukkert -kanskje årets siste? Ein flott tur der fadrar og fadderbarn vart betre kjent, og vi alle fekk trimma både musklar og snakkety. ![]() ![]() ![]() |
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |