Heimreisa

 

Etter besøket i Sachenhausen og Ravensbrück var det tid for å starte på heimreisa. Vi kjørte frå Tyskland og til Polen igjen. Heile gjengen var heilt utsliten etter turen. Det var opp tidleg og seint til køys kvar dag så vi sov store delar av bussturen.

På båten til København hadde var siste kvelden vi hadde saman heile gjengen. Vi fekk lov å vere oppe lenger enn til vanleg sidan dette var siste kvelden. Kvelden blei brukt til dansing på diskoteket og kortspeling midt på golvet ute i ein gang. Ein kjempekjekk kveld!

Då vi vakna dagen etter var vi kjempetrøtte. Men ein heil dag i buss gjennom Sverige venta så det var nok med timar å sove på. Når vi ikkje sov fekk vi sjå film.

Då vi var komt til Noreg igjen byrja alle å glede seg stort til å komme heim igjen, men samtidig grua vi oss for å måtte ta farvel med den fantastiske gjengen vi reiste saman med. Når stemma til Karin kom i høgtalarane og ho takka for ein fin tur saman med oss gjekk det opp for oss at vi snart måtte sei hadet til alle saman. Det blei bytta telefon nummer og servert ein haug med klemmar.

På bussterminalen i Oslo vart det eit trist farvel der det var ein del tårer inni bildet. Vi kunne aldri ha drømt om å reist saman med ein betre gjeng og vi lova kvarandre å halde god kontakt vidare. Det var ein utruleg fin og lærerik tur, som vi alltid kjem til å tenke tilbake på med eit stort smil om munnen!

(Sjå album)