Reisa nedover

 

Torsdag 20.april var dagen heile klassa hadde gleda seg til i månedsvis. Det var dagen då vi skulle ta fatt på reisa til Polen. Vi skulle reise saman med ein skule frå Geiranger og Kvamsøy, reiseleder Karin, buss-sjåfør Jarle og nokon turistar og ledarar. I over eit år hadde vi jobba for å tjene nok pengar til 10 dagers turen med Hvite Busser. Vi var ein spent gjeng som starta første etappe på turen. 

Nattbussen frakta oss til Oslo torsdagsnatta, og på bussterminalen i Oslo stod Hvite Busser å venta på oss. Bussen var riktig nok ikkje kvit, men kva gjorde vel det når den var så koseleg som den var? Fredag 21.april kjørte vi buss heile dagen gjennom Sverige og til København for å ta polskebåten til Polen. Den strekninga var ganske kjedeleg med lite å sjå på, men vår flinke reiseleder Karin gjorde det meir spennande med sine fortellingar i tillegg til at vi fekk sjå film. Det tok litt tid før bli blei skikkeleg kjent med folka frå Geiranger og Kvamsøy, men når vi først byrja å prate med dei fann vi fort ut at dette var nokon kjempetrivelige folk!

Det var godt å endeleg få komme på polskebåten. Der fekk vi god mat og det føltes befriende å få bevege litt på dansefoten etter ein heil dag med buss. På båten fekk vi veksle norske kroner til polske zloty, og der var også taxfree butikkar der vi kunne kjøpe godteri til neste dag.

Laurdag 22.april venta ein ny dag med busskjøring, men denne dagen gjekk mykje fortare enn gårsdagen. Vi var no komt til Polen, og det var svært spennande å sjå på landskapet i eit land som vi ikkje hadde vore i før. Då Karin sa at vi nærma oss Krakow var stemninga på høgaste nivå i bussen.

Vi var i Krakow i 3 dagar før vi fortsatte ferda videre mot Praha. Nok ein heil dag i buss venta, men tida gjekk fort. Det blei ei vane å sete så lenge i buss, og bussen blei på ein måte som ein liten heim for oss. Timane flaug fort når ein sov, las ei bok, såg film og fekk pause i jamne mellomrom.

Torsdag 27.april bar det vidare til Berlin. Vi stoppa i Lidice og Theresienstadt på vegen mot Tyskland. Denne dagen gjekk det også fort å komme fram til reisemålet. 

(Sjå album)