| Årets
juleball (21.12.10) HSR
I sin finaste stas møtte elevane ved ungdomsskulen, samt
7. klasse på begge øyane opp til juleball mandag kveld.
Elevane i 10. klasse hadde laga til eit flott ball med
graut, nissebesøk, program og gong rundt juletreet.
Sjå bilder her |
 |
|
|
Nissebesøk (21.12.10)
AMU Tradisjonen tru hadde
vi nissefest i skogen, med sprakande bål og historia om
Snekker Andersen. Sangen frå alle smånissane lokka
sjølvaste nissen ut av skogen. Alle fekk smake
nissesjokolade. Så var det tid for graut. Ingen
nissefest utan graut. Godt med god og varm graut i
kulda.
Sjå bilder
|
 |
|
|
Tidspunkt for skulegudsteneste (20.12.10)
HSR I morgon blir det skulegudsteneste
KLOKKA 9.45. Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til
ei hyggeleg stund i kyrkja! |
 |
|
|
Tradisjonar er viktig (20.12.10)
HSR Ein av dei faste tradisjonane ved Haramsøy
Skule før jul er at lærarane slår elevane i volleyball. Den
tradisjonen var gjennomført i dag i fin stil. Lærarane
lot elevane vinne fyrste settet, men så var det ikkje
meir "goodwill" å hente. Lærarane vann 2-1 i sett. Takk
for kampen kjære elevar, betre lukke neste år!! |
 |
|
| Juleverkstad
på barneskulen (20.12.10) KHF
Tradisjonen tru hadde vi også i år juleverkstad på
barneskulen. Dette er kjekke dagar der elevane arbeider
i aldersblanda grupper. Vi har kjempeflinke elevar som
kosar seg saman. Dei eldste elevane får vere gode
førebilete og dei minste tek etter dei som er store.
Desse dagane har vi også god hjelp frå foreldre og
besteforeldre, som er flinke til å stille opp. Det er
stas å få besøk på skulen. Ei stor takk til alle dei som
hadde høve til å vere saman med oss og hjelpe oss i år.
På juleverkstaden i år fekk elevane lage:
Kleshengarar og hjerter.
Sjå her!
Filtmus, pepperkaker og julemannar.
Sjå her!
Filta juletre og lys.
Sjå her! |
 |
|
|
Klart for finalar i volleyball
(17.12.10)
KU
Kl 12 startar finalane i årets
volleyballturnering. Dei innleiande kampane vart avvikla
på formiddag, og no står finalespelet for tur. Magic og
Rockets møtast i den store finalen kl 13.15. Måndag er
det klart for kamp mellom elevane og lærarane.
[Sjå bilder...]
|
 |
|
|
Matematikk i gymsalen
(16.12.10)
KU
Årets siste tentamen gjekk av
stabelen torsdag. Matematikk stod på menyen, og alle
klassene hadde gymsalen som arena for sin tentamen. No
er det ikkje mange oppgåvene som står att før
juleferien! Volleyballturnering, juleball og så er siste
skuledagen før jul komen!
[Les meir...]
|
 |
|
|
Flotte produkt
(14.12.10)
KU
Tysdag var det klart for dag 2
ungdomsskulen sitt juleverkstad. Elevane laga mange
flotte produkt som dei kunne ta med heim. Her er nokre
bilder frå dagen.
[Les meir...] |
 |
|
|
Juleverkstad på ungdomsskulen
(13.12.10)
KU
Det er tid for juleverskstad ved
Haramsøy skule. Først ut er elevane ved ungdomsskulen.
Lysstøyping, lefsebaking, dekorasjon, akvarellmåling,
filting, baking, LED-lampe og kalender var dagens
aktivitetar.
[Les meir...]
|
 |
|
|
Lys i mørketida
(13.12.10) AMU
Ute er det mørkt og kaldt, men inne
har vi det godt og varmt og lyst. I dag var det ekstra
mykje lys i mørket. Vi feira Luciadagen. Langt Luciatog
med kvitkledde ungar og lys høyrer med denne dagen.
Sjå bilete
her |
 |
|
|
Lussekattar
(10.12.10) BNA
Mandag 13. desember skal vi
gå Lusiatog. I dag var vi på kjøkkenet for å bake
lussekatter til mandagen.
Sjå bilete
her. |
 |
|
Verkstad om jula.
(09.12.10) GFU
Alltid koseleg å lage noko frå julefortellinga. Elevane
kosa seg på stasjonane.
Med snøen som lava ned, var det ikkje noko å seie på
julestemninga.
Sjå bilete
her.
|
 |
|
|
|
Tentamensdebutantane
(09.12.10) KU
For 8. klasse har denne veka vore
spesiell. For første gong har dei hatt tentamen.
Spenninga har vore stor og spørsmåla mange i dagane før
heildagsprøvene i engelsk og norsk.
Les meir
her
|
 |
|
|
Mellomalderen del 2.
(08.12.10) KHF
Etter å ha lært endå meir om
mellomalderen, var det klart for å utkjempe
hundreårskrigen på mellomsteget. Slaget stod i
snøbrøyten på skuleplassen.
For bilete sjå
her!
|
 |
|
|
Mellomalderen
(08.12.10) KHF
På mellomsteget dei siste vekene,
har vi lært om Mellomalderen. Ettersom kjøkkenet no er
nesten ferdig, fann vi ut at vi måtte prøve våre
kreative evner.
For bilete sjå
her!
|
 |
|
Folkemøte
(07.12.10) HSR
torsdag 9. desember på
Nordøy Grendahus klokka 18.15.
Trafikknemnda i Haram arrangerer, i lag med fleire
støttespelarar eit folkemøte om trafikktrygging torsdag.
Vi oppmodar elevar, foreldre og tilsette ved skulen om å
møte opp!!For meir
informasjon sjå plakatar rundt om, samt reportasje og
annonse i Haramsnytt eller trykk
her.
|
 |
|
Gode fellesopplevingar (02.12.10) AMU
Vi er heldige som kan ta med oss heile
barneskulen på skøyteisen. Fantastisk flotte og flinke
elevar. Vel framme på Stormyra var det først niste, så
fekk vi nyte varm dessert rett frå grillen. Gode pakkar
med epler, smør, sukker og kanel. Tusen takk til
mellomsteget som tok jobben med å lage pakkane. Etter ei
stund kom også dei eldste i barnehagen. Bra vi har trygg
is som bar alle saman. Herlege dagar i vakkert vintervèr.
Les meir |
 |
|
|
Hospitering
(01.12.10) SR Sjå bilete
av 10.klassingane som framtidige 1.klassingar på
vidaregåande skule. Frå hospiteringa ved Haram vidaregåande skule i Brattvåg.
Bilete her
|
 |
|
|
Ikkje tøft å vere død!
(01.12.10) SR Besøk av holdningskampanje i 10.
klasse. Les kva som vart snakka om og sjå kven som kom
på besøk
her
|
 |
|
|
Issprell
før tentamen
(01.12.10)SR 10.klasse tok seg ein tur på isen
før fleire dagar med stillesitjing og tentamen startar.
Sjå bilete her!
|
 |
|
|
Minikonsert
(29.11.10 ) BNA På
Haramsøy barne- og ungdomsskule har vi mange flotte og
flinke elevar. Dei har talent av ulike slag bl. a innen
dansing, speling og synging. Fredagen var dei invitert
til konsert der dei sjølv hadde meldt seg på med det dei
ville framføre.
For bilete sjå her!
|
 |
|
Glasklar is på Storemyra
(26.11.10 ) GS Det er svært
sjeldan at kvaliteten på natur-is blir slik den er på
Storemyra no. Ei glasklar, gjennomsiktig, solid og
innbydande ishinne ligg og ventar på alle små og store
som vil prøve skeisene. Elevane i femte og sjette klasse
kosa seg i alle fall på isflata fredag.
For bilete sjå her!
|
 |
|
|
Nerveceller
(26.11.10) IP
Bilete frå nervecelleutstillinga! Skikkeleg nervepirrande!
Sjå bilder her |
 |
|
|
Dansedag 3 m/ferjedansen
(26.11.10)
HSR
For dei elevane som har vore med på desse danseprosjekta
tidlegare år har ferjedansen med Kenneth vore eit høgdepunkt. Allereie fyrste
dagen var det mange som lurte på om det vart ferjedans i år òg. Og det vart
det!!
Sjå bilder her |
 |
|
|
Stormyra here we come
(25.11.10) AMU
Speglblank og fin låg isen der klar til oss då vi ankom Stormyra i dag.
Strålande sol skapte reine idyllen der oppe på fjellet. Kjekt for alle frå 1. -
4. trinn å få erfare skøyteisen. Mange fekk prøve skøyter for første gong.
Elevane var kjempeflinke. Fleire fekk skikkeleg dreisen på skøytene.
Les og sjå bilder |
 |
|
|
Dansedag 2
(25.11.10)
HSR
Dag to i danseprosjektet er over. Elevane er kjempeflinke
og stemninga er veldig god i gymsalen. Sjarmen er skrudd på (sjå bilde) og det
rykker i dansefoten!
Sjå bilder frå dagen
her |
 |
|
Skøytemoro
(25.11.10)
HSR
Etter fleire dagar med kuldegrader høyrde vi rykter
om at isen på vassverket var sterk og fin. Då bytta vi ut kunst og handverk med
uteaktivitet i 9.klasse og gjekk opp for å leike på isen dei tre siste timane
tysdag.
Sjå bileter frå turen her.
|
 |
|
Skulevegsgransking
(24.11.10)
HSR
I samband med rullering av Haram
kommune sin Trafikktryggingsplan gjeldande frå 2011-2014 (2018)
gjennomfører kommunen no ei kartlegging av skuleveg
og bruk av tryggingsutstyr. Vi ber derfor om at elevane og foreldra fyller ut
skjemaet som er utsendt som ranselpost, og returnerer det til skulen.
Frist for innlevering fredag 3.desember. |
 |
|
|
Dansing
er gøy!
(24.11.10) KU
Det har etter kvart vorte tradisjon ved
skulen vår å arrangere dansekurs på hausten. Elevar frå 7. klasse ved Flem og
Haramsøy skule er med, saman med 8.-10. klasse frå skulen vår. 3 siste timane
onsdag, 3 siste timane torsdag og 3 første timane fredag er sett av til å lære
reinlender, polka, swing og vals. Og la det vere sagt med ein gong; elevane er
utruleg flinke og positive!
[Les meir...]
|
 |
|
|
Det var ein
gong.....
(24.11.10) KU
I 8. klasse er det folkedikting som står på
planen i norsk. Tysdag framførte elevane 4 kjende eventyr for kvarandre. Her er
nokre bilder frå den seansen.
[Les meir...]
|
 |
|
|
Tur til Amerika
(19.11.10)
BNA
Torsdag 18. november skulle 3. og 4. klasse
reise til New York i dei første utvandrarane sine fotefar.
Sjå bilete her |
 |
|
|
| Foreldrekafe`.............(19.11.10)
GFU
1.klasse bad inn til kaffi og
kaker, med litt underhalding.
Tusen takk for støtta.
Sjå bilete
her |
 |
|
|
Fjelltur i India ......
(19.11.10)
GFU
Torsdag var1. klasse oppe på 8586 m.o.h. Utfordrane og
spanande.
Sjå bilete
her. |
 |
|
|
Utedag ved Postvøren
(19.11.10 ) GS Torsdag var
mellomsteget på utedag ved Postvøren på Austnes. Vi
gjekk fjøra frå skulen. Det nærmar seg jul, og elevane
skal lage kvar sin nisse av stein i kunst og handverk. I
fjøra frå Fiskerihamna til Postvøren er det mykje fin
rullestein. Der måtte alle finne bårepolerte steinar som
ved hjelp av lim og fargar skal bli nissar.
For bilete sjå
her!
|
 |
|
|
Rakettdag på Røhammeren..... (18.11.10) AMU
Det er mykje kjekt ein kan finne på å leike
når ein finn ein grill i skogen. Den var alt frå rakett
som for ut i verdsrommet, til ei tidsmaskin som reiste
tilbake til den tida då dinosaurane levde. Vi hadde ein
herleg utedag i strålande sol.
Les meir |
 |
|
|
9.
klasse testar smakar.
(18.11.10) IP
Kvar
på tunga kjenner ein best saltsmak? Kva smak kan ein
kjenne dersom ein held seg att for nasen? Desse
spørsmåla og fleire skaffa 9.klasse svar på. Litt må ein
ofre for vitenskapen.
Les meir her!
|
 |
|
|
Nye
stunt på naturfagsalen
(16.11.10) KU
Korleis få ein ballong
til å blåse seg opp, og deretter trekke seg saman inn i ei kolbe? Det
var utfordringa 8. klasse fekk på måndag. Ved hjelp av det dei har lært
om partikkelmodellen, skulle dei kome med ei hypotese, planlegge og
gjennmføre eit eige forsøk. Med stor iver gjekk elevane inn for oppgåva.
Gassbrennar, kolbe, vatn og is var mellom ingrediensane som vart nytta.
[Les meir...] |
 |
|
|
Kjekk
felleslunsj
(16.11.10) KU
Tysdag hadde 9. klassa
laga til felleslunsj for elevar og lærarar på ungdomsskulen. God mat
smakar endå betre i godt selskap. Brødskiver, knekkebrød, egg,
fiskepudding, kjøtpålegg og mykje anna snadder gjekk ned på høgkant. Her
er nokre glimt frå lunsjen
[Les meir...] |
 |
|
|
Ein dag
med litt av kvart.
(12.11.10 ) KHF
På mellomsteget lærer vi
denne perioden om korleis Noreg blir styrt. Ein
kjent kommunestyrerepresentant blei difor invitert til å
snakke i klassa om kommunestyret i Haram. Det var kjekt
og elevane hadde mange spørsmål.
Resten av dagen gjekk med til å
lære å skrive personskildring.
Så måtte vi sjølvsagt nyte den fine dagen ute.
For bilete sjå
her!
|
 |
|
|
Alle barn har rett til
.....(11.11.10) AMU
Her i Norge har vi mykje å vere
takknemlege for. Verkstaden i dag handla om saker som
Unicef arbeider for, nemleg rettane barn har. Alle barn
har rett til å få ete seg mett, ei seng å sove i , å få
gå på skule, få hjelp når ein er sjuk, reint vatn.....
Vi fekk også høyre forteljinga
om harane og sjakalane som skulle slutte fred. Moralen i
eventyret var : Den som vil narre andre, kan bli narra
sjølv.
Les meir
|
 |
|
|
Gymlærar
Austnes
(10.11.10) KU
Onsdag fekk 8. klasse ny gymlærar. Og det var
ingen kven som helst som hadde dagens økt med basketball.
Direkte - importert frå FK Viking, dukka Joakim Austnes opp som
instruktør:)
Etterpå var det klart for skriving av autografar.
[Les meir...] |
 |
|
|
Oppdagingstur med opplæringsbåten "Havung"
(05.11.10) GS
Torsdag hadde mellomsteget ein skuledag på havet. Arne Tunheim
kom på besøk med opplæringsbåten "Havung". Elevane hadde sett
fram til denne dagen lenge, for dei veit frå tidlegare år at det
blir mykje spennande å sjå og mykje interessant å lære.
Sjå meir
her!
|
 |
|
|
Kort reisebrev frå 1.
klasse (04.11.10) GFU
Bilete
her |
 |
|
|
Plask , plask ut på tur....
(03.11.10) AMU
Det vart ein våt turdag for oss
i dag, men pytt kva gjer vel det. " Vi tøle vatn". Ja,
vi er meir som vikingar kom vi til. 2.kl tok turen via
Vetteplassen og " Lissjemyra" før dei ankom Varden. 3.
og 4. klasse var innom plassen der gapahuken skal kome
og inspiserte der før dei kom til Varden. Det er alltid
kjekt å kome til Varden. Der blir verdens beste hytter
til og det er masse kjekt å finne på. Vi må nok innrømme
at det var godt å kome inn igjen i dag. Koslig var det
rett og slett. Då dempa vi lyset, åt mandarin og jobba i
utebøkene våre.
Sjå meir |
 |
|
|
1. klasse på tur til India.
(03.11.10) GFU
No er vi endeleg på
reis.
Sjå
korleis vi har det. |
  |
|
|
Stor
kulturoppleving
(02.11.10) KU
Tysdag fekk ungdomsskulen
besøk frå Berlin. Rico Diessner imponerte med stor innleving, musikalsk
kvalitet, og ikkje minst sine musikalske loopar. Ved hjelp av ein
loopstasjon, bygde han opp musikken sin lag på lag. Ved bruk av stemme,
instrument og andre remedier som td ei flaske, trylla han fram flotte
stemningar. Eller som han sjølv sa det; "I am painting music".
[Les meir...] |
 |
|
Rakett-utskyting!
(02.11.10) KU
Det skjer litt av kvart på naturfagsalen når Isabella tek med
seg 8. klasse dit. Måndag skulle partikkelmodellen demonstrerast.
Metoden var å lage sin eigen rakett, og så tolke kva som skjedde
med partiklane i gass når gassen vart komprimert.
[Les meir...] |
 |
|
Lyst å prøve
deg på OD - HIV?
(28.10.10) KU
Kvar fredag har elvane på u-skulen Hendt i veka (HIV). Det er 12
spørsmål som er knytt til hendingar den siste veka. I samband
med OD, vil dagens Hendt i veka, ha Brasil som tema. Lyst å
teste kunnskapen din? Sjekk spørsmåla her, og kanskje kjem
fasiten over helga:)
[Sjå spørsmåla...]
No med fasit!
[sjå fasiten...] |
 |
|
113
(28.10.10) KHF
Kvart år sender Norsk Luftambulanse ut undervisningsopplegget
30+2. Dette er eit opplegg der elevane får lære hjerte-lungeredning. 7. klassingane får sin eigen
undervisningspakke, slik at dei kan lære slekt og venner den
livsviktige kunnskapen.
Ein stor takk til Norsk Luftambulanse
for eit godt og viktig arbeid.
For bilete sjå
her!
|
 |
|
|
Kroppen-verkstad
(28.10.10) BNA
I dag var temaet kroppen. Vi fikk
høyre om dei ulike funksjonane til lungene, magesekken, tjukktarmen,
tynntarmen, nyrene, hjertet og ikkje minst, hjerna!
Les meir
|
 |
|
|
Under arbeid
(28.10.10) HSR
Har byrja på litt vedlikehaldsarbeid på
heimesida. Det gjer at ho ser litt rar ut her og der. Det skal bli bra
men i ei lita periode blir det litt "rotete" Ein rekk ikkje å gjere alt
på ein gong.
|
 |
|
|
Internasjonal dag
(27.10.10) KU
Idag har det vore temadag på ungdomsskulen
som ei førebuing til Operasjon Dagsverk som er imorgon. Dagen starta med
at elevane såg ein film som handla om Brasil. Så var det stasjonsjobbing
i 4 ulike grupper. Kartgruppe og faktagruppe, samt to aktivitetsgrupper.
[Les meir...]
|
 |
|
| OD - veke
(26.10.10) KU
Denne veka er det internasjonal dag og
Operasjon Dasgverk på u-skulen. Elevane på u-skulen kan ved å gjere eit
dagsverk, vere med på å hjelpe ungdom i Brasil. OD - dagen er på torsdag.
Onsdag skal vi ha Internasjonal dag med ulike aktivitetar.
For meir info:
www.od.no
|
 |
|
| 5. dag i leseveka
(22.10.10) BNA
Fredag inviterte vi dei eldste
elevane i barnehagen på besøk til oss. Mellomsteget hadde smurt på
rundstykker som dei serverte på 1. klasserommet. Etter matøkta, bar det
ned i storsalen der alle gruppene viste kvart sitt eventyr, som dei
hadde øvd inn på dramadagen. Alle var kjempeflinke, snakka høgt, las var
fortellerar og spelte ulike roller. Mange hadde fleire roller for å få
dekt opp heile rollelista.
Sjå bilete
her! |
 |
|
| 4. dag i leseveka
(21.10.10) GS
Torsdag heldt leseveka vår fram med utedag og
natursti. Og kven skulle tru at vi fekk full vinter? Løypa gjekk frå
skulen via Røhammaren, Varden og ned att til skulen. Elevane gjekk i
aldersblanda grupper.
Sjå bilete
her! |
 |
|
| 3. dag i leseveka
(20.10.10) KHF
I dag var det "den store dramadagen".
Elevane blei delte inn i grupper. Kvar gruppe fekk i oppgåve å lage ei
dramatisering av eit kjent og kjært folkeeventyr.
Etterpå var det sjølvsagt ei god økt
med lesing.
Sjå bilete
her! |
 |
|
| 2. dag i leseveka
(19.10.10) GFU Verkstad med Askeladden og
dei gode hjelparane.
Spanande å ha verkstad med alle 7 klassene.
Sjå bilete
her |
 |
|
| Eventyrleg
leseveke på barneskulen
(18.10.10) AMU
Vi har fått oss flott lesebarometer i
gangen på barneskulen. Denne veka er det leseveke med eventyr som tema.
Vi skal prøve å få seglet til topps.
I dag , måndag var det åpning av
leseveka med dramatisering av Tyrihans og Gullgåsa.
Les
og sjå bilder |
 |
|
| Pinnedyr-invasjon i 1. klasse
(17.10.10) GFU
Her |
 |
|
| Tusen takk til Rolls-Royce Marine,
(17.10) GFU som år etter år tenker på sikkerheita til 1.
klassingane våre.
Litt meir
her |
 |
|
Surdeigsbrød var godt
(15.10) KU
8. klasse har jobba med
bakteriar i naturfag. I samband med det har dei laga
brød der hevinga skulle skje ved hjelp av bakteriar.
Surdeigsbrød med blåbærsylte var snadder!
[Les
meir...] |
 |
|
Reveenka
I dag dukka det opp ein kar som
vandra rundt i Norge og samla inn eventyr. Han var på jakt etter Norske
folkeeventyr. Han heitte Asbjørnsen... Vi fekk også høyre om kameraten
hans som heitte Moe. Etter vi hadde blitt litt kjend med desse to karane
og arbeidet deira, var det tid for film der vi fekk sjå eventyret om
Reveenka.
Les meir |
 |
|
|
Haustdag på småskulesteget
(30.9.10)
AMU
Hausten er ei fargerik tid. Då har
trea og plantane kunstutstilling i skog og mark. Vi
snakka om ting vi haustar inn og fekk høyre eventyret om
den vesle raude høna. Det var god arbeidslyst på alle
verkstadgruppene.
Les meir og sjå bilder |
 |
|
MOT til å ...... (27.09) KU
Måndag fekk 8. klasse besøk
av MOT - informatør Sigrun. Det vart ei kjekk økt med fokus på eigne
valg, eigne draumar og eigne ynskjer. Elevane var aktivt med dei 3
timane. [Les meir...] |
 |
|
Studerte seg sjølv i mikroskop
[27.09] KU
8. klasse har jobba med celler i naturfag. Måndag lot
lærar Isabela elevane studere sine eigne celler i mikroskop.Det er
alltid spennande og sjå kva som dukkar opp i linsa.
[Les meir...]
|
 |
|
|
Mistet/funnet (24.09.10)
HSR Lars har i den siste tida fått fleire og fleire eigendelar
til kontoret som folk har funne rundt omkring. Det er sikkert nokon som
saknar brillene, mobilen, nøkkelen, smykket eller ringen sin. Er du ein
av desse, så ta kontakt med Lars eller nokon andre lærarar på u-skulen.
Vil du sjå bilete større? Trykk her. |
 |
|
|
Mellomsteget på nøttejakt (24.09.10)
GS Den siste tida har elevane på
mellomsteget lært om plantar, tre, busker og sopp som er vanlege her på
øyane våre. Ei av buskene vi har snakka om, er hasselbusken.
Les
meir
her |
 |
|
| 1.- og 2.- klasse på
haust-tur til Varden. Les
meir her |
 |
|
|
"Lisjemyr-dagen"
(23.09.10) BNA
Ein flott
utedag!
Sjå her |
 |
|
|
FAU
kallar inn til foreldrerådsmøte
(21.09.10) KU
Tysdag 28. september vert det
foreldrerådsmøte ved Haramsøy skule. Tidspunktet er kl 19.00.
[Sjå innkallinga] |
 |
|
Gymtime
med nye lærarar.
(20.09.10) KHF
Fredag fekk to av
7. klassingane ansvar for å lage opplegg og leie gymtimen. Dette
klarte dei med glans. Innsatsen var høg, og klassa var godt
fornøgd med gymtimen.
For fleire bilete sjå
her!
|
 |
|
|
Potetverkstad
(17.9.10)
AMU
Verkstaddagen denne veka handla om
poteter. Vi lærte om settepoteter, potetkål, fører og
kvar poteta kom ifrå. Ein kreativ dag på alle gruppene.
Sjå bilete frå dagen
her |
 |
|
Teikneseriar i
norsk
[15.10]
KU
Dei siste vekene har 8. klasse arbeidd med teikneseriar
i norsk. Ei av oppgåvene var å lage eigne striper for å vise kva
dei hadde lært om bruk av verkemiddel i teikneseriane.
[Les
meir...]| |
|| |
|
8. klasse
er orienterte
:)
[10.10]
KU
I samfunnsfag har vi jobba med kart, og i kroppsøving
har vi jobba med uthaldenheit. På fredag fekk elevane kombinere
det dei har lært. Vi skulle ha stjerneorientering.
[Les meir...] |
 |
|
|
Grilling og
leikar
(10.09.10) GS Torsdag hadde
mellomsteget utedag i strålande seinsommarver. Sidan vi ikkje
har skulekjøkken å bruke, må vi legge "mat og helse" til
utedagane. Denne gongen hadde vi fått tak i lekker laks. Den
enda i foliepakkane i lag med poteter, gulrøter, purreløk, smør
og krydder. "Eg liker ikkje fisk!" Mange elever er sikre i si
sak. Dei har aldri smakt fisk, viser det seg. Og dei endrar fort
meining.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Fruktsalat
i fjøra. (09.09.10) GFU
1. klasse på tur.
Sjå bilete
her
|
 |
|
|
Grilling av skive
(9.9.10)
BNA 3. og 4. steget leita
etter biotopar rundt skulen. Vi grilla skivene våre på
glør ved bålplassen Sjå bilete
her |
 |
|
Godt med
gulrot frå Ulla
(9.9.10)
AMU
I dag tok 2. trinnet
turen til Ulla. Der fekk vi kome på besøk til ein åker
med poteter og gulrøter. Det var stas å få ta opp
poteter og gulrøter sjølv. Nam nam! Ullagulrota er
verdens beste!
Les meir |
 |
|
1. - 4.
trinn på koseleg tur til bokbåten
(8.9.10)
AMU
Kjekt å få kome på besøk til bokbåten.
Her finn vi nye og spennande bøker og får vere med på
teater.
Les meir. |
 |
|
Leikehytta
har fått seg stige !
(8.9.10)
AMU
Denne veka har
2.trinnet laga stige til leikehytta. Dei jobba som nokre
heltar.
Les meir |
 |
|
|
AKTIVITETSDAG PÅ UNGDOMSSKULEN
(06.09.10) HSR
Torsdag 2.
september var det aktivitetsdag på ungdomsskulen. Turen
gjekk frå skulen opp på Røhammaren, ned Kantaraua til
Tverrfjellet kor vi hadde base. Der måtte alle ha ein
stopp slik at vi fekk samla oss før neste etappe. Neste
etappe var topptur til Mannen (347 moh). For å motivere
litt opp gjennom bakkane hadde lærarane hengt opp ein
liten natursti langs vegen.
Turen var prega av elevar med godt humør og mykje
energi.
Sjå bilete som Ane Buner tok på turen
her. |
 |
|
|
Prinsessa på erta. (4.9.10) GFU
Torsdag starta vi opp med verkstad.
Flinke gruppeleiarar.
Bilete kan sjåast
her
|
 |
|
| BAMSEFEST
(29.08.10) GFU FINT BESØK I 1. KLASSE
Trykk her for
å sjå fleire bilete |
|
|
|
Naturvev
og bålmat
(27.08.10) GS På mellomsteget har
vi som mål å bli kjende med dei vanlegaste planten og
plantefamiliane vi har rundt oss i naturen. Elevane har samla
planter langs vegkanten, på enga og i skogen, og dei held på å
lage seg herbarium. Vidare veit mange no kva som er
forskjellen på kronblad, begerblad og støvberarar.
Det er mange nye fagord som skal få innhald.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
1.KLASSE PÅ
BÆRTUR
(26.08.11) GFU
Torsdag rusta vi oss mot flottangrep, høge støvlar og regnkleda
knappa godt igjen.
Dermed var vi klare for bærplukking.
Sjå kor flinke dei var. |
 |
|
| Gøy
med ripsbærplukking
(26.08.10 AMU) I dag var
2.trinnet på tur til Jogeir sin hage. Der plukka vi rips i lange baner.
Det vart til herlig dessert med vaniljesaus + ripsgele. Nam nam! Les
meir og sjå bilder
her |
 |
|
| Utedag
til "Johannesfjøra"
(26.08.10 BNA) Første
utedagen i det nye skuleåret. Trykk
her for å sjå bilete frå turen. |
 |
|
|
Teambuilding på Goaldet (26.08.10 HSR)
I går var 8.klasse på tur til Lepsøy for å
bestige Goaldet 490 meter over havet.
Trykk
her for å sjå bilete
frå turen |
 |
|
| 1.
SKULEDAG (20.08 GFU)
Flott ver, flotte
elevar, barneskulen nyoppussa......
Berre glade fjes å sjå, så no ser vi fram til å ta fatt på eit nytt
skuleår.
Her er nokre bilete frå
1. klasse
|
 |
|
|
Skulestart i
godver
(20.08.10) GS Sommaren kom til
Haramsøya til skulestart. Fredag nytta vi sjanse til bading på
storbåthamna. I tider med lite symjetrening er slike dagar til
svært god hjelp. Og vi hadde det kjekt. Elevane på mellomsteget
er flinke å symje og trygge i vatnet.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Velkomen til nytt skuleår!
(15.08.10) HSR Det er skulestart
for alle elevane torsdag 19. august. Elevane på barneskulen møter
klokka 08.20 og elevane på ungdomsskulen møter 08.30.
Haramsøy skule ønskjer alle velkomne til skuleåret 2010/2011!
For dei som skal byrje i 1.klasse kan det vere greit å sjå på
informasjonen som ligg under NYTTIG INFO og heiter "skulestart" (eller
trykk
her for å kome direkte dit).
Om du er 8. klassing, kan du finne litt info
her |
 |
|
| SKULEÅRET 2009 / 2010
|
|
|
| Takk for i år frå
barneskulen!
(18.06.10) GS
Så er eit skuleår over. Vi lærarane har vore så
heldige å få låne kjekke born delar av dagane sidan sist sommar. Det er
stort å få vere vitne til kor mykje born veks på vel ti månader.
Sjå meir
her.
|
 |
|
| Tur til Moa
(16.06.10) GS Sist torsdag reiste elevane på
mellomsteget på klassetur til Ålesund og Moa. Første stopp var bowling
på Baronen i Spjelkavika. Fire lag kjempa mot kvarandre. Innsatsen og
humøret var på topp
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
| 0. klasse på besøk.
(10.6.10)GFU
Torsdag 3.juni hadde 0.klasse ein skuledag
saman med 1.klassingane og onsdag 9. juni hadde dei med foreldra på ettermiddagstid.
Sjå kor kjekke dei er: |
 |
|
|
Landsdelar i sanden
(07.06.10) GS
Torsdag var mellomsteget på tur til
Sjur-Ola-sanden. Denne vekeplanperioden har elevane
prosjektarbeid om dei ulike landsdelane i Noreg. Ei av oppgåvene
var å bygge modellar av landsdelane i sanden.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
Tre , blomster
og rabarbra
( 3.6.10)AMU
Spennande dag i skogen med tre
og blomster som tema. Forskning , øving på tre, og plantenamn
stod på programmet. 2. trinnet laga god rabarbrasuppe til oss.
Les meir |
 |
|
På besøk i
Katthult
( 27.05.10)AMU
Verkstaddag om Astrid Lindgren. Ein
spennande dag der Emil og Ida var i aksjon.
Les meir |
 |
|
|
Tre kjekke dagar
med SikkSakk Europa
(26.05.10) GS
Sist veke gjennomførte elevane på mellomsteget prosjektet
SikkSakk Europa. Det er eit tilbod skulen får gjennom
organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Gjennom praktiske
aktivitetar som fiskeribedriftspel og design av framtidsbil,
fekk elevane eit spennande møte med land og ressursar i Europa.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Pinsetur i fjøra
(20.05.10) (GFU)
1. og 2. klasse på tur i "Hallgeir-fjøra"
Sjå bileta her |
 |
|
|
Jettegryter, plantar og sandslott
( 20.05.10)AMU
Spennande utedag i Ullafjøra for 3. og 4.
trinnet. I dag har vi lært om jettegryter og plantar. I tillegg
hadde vi sandslottkonkurranse.
Les
og sjå bilder |
 |
|
|
Korleis
Haramsøya har vorte forma
(10.05.10) KHF I geografi denne
perioden lærer mellomsteget om Noreg i kvartærtida. Torsdag var vi difor på sykkeltur til
Haram for å finne ut korleis Haramsøya har vorte forma.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Takk til kjekke
foreldre! Det er veldig kjekt
å kome på skulen og sjå kor fint de har laga til for oss. Kjekt
at ting vert fiksa og sett i stand. Spennande med nye leiker.
Tusen takk!
Sjå bilder |
 |
|
På
tokt med Leiv Eiriksson
(06.05.10) AMU
Ullaholmen kan brukast til så mangt.
I dag var den arena for å lære om Leiv Eiriksson. Ein kreativ,
artig, skummel og spennande dag for 3. og 4. trinnet.
Les meir |
 |
|
Mellomsteget med
musikalsuksess (05.05.10)
GS
Etter påske har dei 23 elevane på mellomsteget øvd inn musikalen
"Lausøyre eller andre løysingar". Torsdag i veke 17 var det
klart for framføring på Haramsøy samfunnshus. Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Storylinen:
27.04.10 GFU
På tur for å sjå kvar skulen på
Åkre stod.
Her gjekk det over stokk og
stein, mo og myr.
Sjå bilete her. |
 |
|
På "fuglejakt" i
fjøra
(26.04.10)
GS
Torsdag var mellomsteget på utedag i fjøra. Vi gjekk tur frå
H-Produkter og ut mot Håneset. På vegen tok vi oss god tid,
grilla pølser, leitte etter levande kryp og høyrde etter
fuglelydar. Vi har hatt om dei vanlege fuglane og høyrt på
fuglelydar denne planperioden.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
Spennande med storyline
(22.4.2010 AMU)
Vi har reist tilbake til 1950-talet
og prøvar å finne ut mest mogleg om dei tre skulane som var på
øya den gongen. Vi ringer, intervjuar, les, teiknar, skriv, bygg
og undrar oss. Elevane er veldig flinke og vi er godt i gong.
Litt bilder frå veka |
 |
|
|
Haramsøy skule 50 år
(09.10.10) GS
Torsdag før påske feira tilsette, elevar,
foreldre og bygdefolk at Haramsøy skule er 50 år. På
ungdomsskulen var det rigga til med biletutstilling som fortalde
om utviklinga frå 1959 og fram til våre dagar. Vidare var det
kafé for gjestar som vart kaffitørste og til slutt ei særs
vellykka festframsyning i samfunnssalen.
Sjå MANGE bilete
her
|
 |
|
| 1. og
2. klasse på tur til Åsgard
(08.04.10) GFU
Torsdag 8. april gjekk vi
gjennom Jotunheimen og over til Åsgard
Her møtte vi m.a.
Fenrisulven.
Sjå meir her |
 |
|
Fugleobservatørar
(08.04.10 AMU)
3.
og 4. trinnet var i dag på "jakt" etter fuglar. Dei
hadde med skjema der dei skreiv inn antall fuglar med
teljestrekar. Vi såg mange fuglesortar på veg til
Sjurlafjøra, både trekkfuglar og standfuglar. Då vi kom
tilbake til skulen laga vi søylediagram i utebøkene. Vi
behandla dei dataene vi hadde samla inn på turen.
Elevane var ivrige og flinke.
Bilder frå dagen |
 |
|
|
Påskeverkstad
(18.03
GFU) Torsdag 18.mars hadde
småskulen påske som tema på verkstaden.
Kom i
påskestemning her |
 |
|
|
Kattekista
(12.03.10)HSR
I dag fekk elevane frå 1. - 7. klasse frå Haramsøy
og Lepsøy besøk frå kultursekken. Denne gongen med forestillinga
"Kattekista".
Les meir og sjå bilete her. |
 |
|
| Plask, plask ! Vi
marsjerer i gummistøvler.....
(11.03.10)AMU
Gøy med utedag for heile barneskulen + dei eldste i
barnehagen. Først var det natursti, så var det frileik. Masse spennande
å leike med i elva og diverse dammar i dag. Kjekt å vere store og små
ilag. 4. dag i aktivitetsveka er over.
Bilder
frå dagen |
 |
|
| Dag 2 i aktivitetsveka. (09.03.10) HSR
Aktivitetsløype stod på programmet i dag i
høvet aktivitetsveka på barneskulen. Elevane vart delt i 6
grupper som fekk kvar sitt kart med avmerka postar. Alle skulle
innom 4 postar.
Sjå bilete her |
 |
|
| Kick-off på
aktivitetsveka!! (08.03.10) HSR
I dag var det stor aktivitet i gymsalen då
barneskulen hadde kick-off på aktivitetsveka si. Denne veka skal
dei ha ulike aktivitetar frå klokka 10.30 til 12.00 kvar dag.
Sjå nokre bilete
her |
 |
|
Karneval 2010(
1.3.2010) AMU
Bildekavalkade -
sjå her |
 |
|
| HUSK
Grand Prix 2010!! (20.02.10) HSR
Endeleg er bilda frå årets Grand
Prix-forestilling ved Haramsøy Skule lagt ut. Ein fullsatt
gymsal fekk oppleve 8 melodiar frå 50-/60-talet med nye tekstar,
fantasifulle kulisser, kreativ dans og mange flotte
vokalprestasjonar. Tradisjonen tru var bandet òg elevar frå
ungdomsskulen med vår eigen "Grand Prix-general" Geir som
kapellmeister!
Sjå MANGE bilder
her |
 |
|
| Ein
vanleg skuledag... (16.02.10) HSR
Om ein står på utsida ser det ut som ein
vanleg, solrik februardag på ungdomsskulen, men på innsida får
du raskt eit anna inntrykk. På alle rom er det stor aktivitet.
Sang, dans, snekring, maling, speling og diskusjon. Elevane
førebur seg til HUSK GRAND PRIX som tradisjonen tru vert
arrangert torsdag før vinterferien (kl 19.00).
Sjå nokre bilete frå førebuinga
her. |
 |
|
|
Renovering av barneskulen (16.02.10) HSR
Alle
klasseromma på Haramsøy barneskule skal no renoverast. Det skal
leggast nye golvbelegg, setjast opp nye veggar og tak, og det
skal setjast inn nye vindauge. Fram til no har det vore arbeid
berre i kjellardelen av bygget men no vil snekkarane byrje det
omfattande arbeidet med hovudetasjen. Då må elevane i 1.-4.
klasse flytte frå dei vanlege klasseromma til andre, "nye"
klasserom.
Sjå meir informasjon
her (pdf). |
 |
|
Skitur
på Longva og Flem (05.02.10)
GS
Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur på Longva og
Flem. Nordøy Idrettslag har køyrt opp svært fine skiløyper med
løypescooter. Løypenettet går over mest heile Flemsøy/Skuløy frå
fjell til fjøre.
Sjå fleire bilete
her. |
 |
|
| Same-verkstad på småskulen
(04.02.10)GFU 6. februar nærmar seg og då er tid for
å lære om samane. Sjå meir
her |
 |
|
|
Fantastisk filmkonsert!

Les
meir |
 |
|
|
Prosjektarbeid om Antikken
(02.02.10)
GS
I veke tre og fire arbeidde elevane på
mellomsteget med tema "Antikken". I det låg ulike oppgåver frå
det gamle Hellas, Roma og Romarriket. Tre grupper arbeidde med
Romarriket, medan fire grupper tok føre seg det gamle Hellas.
Sjå nokre av elevarbeida
her. |
 |
|
|
Arbeid med likningane i 9.klasse
(01.02.10) HSR Ordet likningkjem
av verbet å likne. Å snakke i likningarer er å forklare noko som
er vanskeleg å forstå, ved hjelp av bilete frå kvardagslivet.
Dette har vi i 9.klasse teke bokstavleg og laga teikneserie av
nokre av likningane Jesus fortalde.
Sjå nokre av elevarbeida
her. |
 |
|
Velkommen
på filmkonsert søndag 31.01.2010 kl. 15.30
Barneskulekoret er klar med dans og sang. Vi gler oss veldig til
å synge og danse saman med korpset.
Generalprøve laurdag kl. 12.30. |
 |
|
Verkstad om vinter og vinterfargar
(28.01.10) AMU
I dag handla verkstaden om vinteren
og korleis snøen fekk farge.Vi hadde ein kreativ og spennande
verkstaddag.
Les
meir |
 |
|
Sov du?
(26.01.10) HSR
I dag fekk dei yngste på skulen sjå ei
fartsfylt og humoristisk danseframsyning om to venner og dei siste
eventyra deira når den eine søv over hjå den andre.
Puter som regna og flaug, puter som gjekk sund så fjæra fauk. Laken
og teppe vart til store dromedarar og til slutt i den magiske
skumringa sovna vennene til John Blund.
|
 |
|
|
Ny vri i faget mat og
helse (26.01.10) HSR
No etter jul har det vore byggjeaktivitet i
kjellaren på barneskulen. Det har fått følger for undervisninga i
Mat og Helse på ungdomskulen. Utan skulekjøkenet har lærar Sigrun
vore nødt til å legge matlaginga til andre arenaer. Sist tirsdag
stod bål med potet i folie på planen. Dette vart ein suksess!
Fleire bilete kjem snart |
 |
|
Skidag på Longva
(20.01.10) HSR/OEM
Torsdag 14. januar dro alle elevane ved ungdomskulen til Longva
for å kose seg på ski. På Longva hadde idrettslaget kjørt opp skispor og
det var perfekte forhold. Det ble arrangert både prolog og jaktstart i
klassisk stil, med stort engasjement og upåklageleg innsats i både gute-
og jenteklassen.
Fleire bilete
ligg no her! |
 |
|
Intens øving!
(22.01.10) HSR
På barneskulen er det for tida intens song- og danseøving. Dei
skal, tradisjonen tru, vere med på konserten til Haramsøy skulekorps.
Dei syng og dansar med stor innleving! Vi oppmodar alle til å ta ein tur
på konsert for å sjå og høyre desse flinke elevane den 31. januar på
Haramsøy Samfunnshus!! |
 |
|
|
1.-4.klasse: ski/akedag på
Longva (21.01.10)GFU
Denne
gongen var det småskulen sin tur til å nyte ein flott skidag.
Vi fekk boltre oss i bakkane og prøve løypene.
Sjå bilete
her
|
 |
|
|
Vinter er kjekt
(19.01.10) GS
Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur
til Bendik-bakken ovanfor Johannesgarden. Snøen blenkte og skein i den
vakre vintersola. Vi hadde med ved, så det vart grilling. Elevane hadde
med varm drikke og godt vinterutstyr, så dagen gjekk fort.
Les og sjå
meir her |
 |
|
|
5 rette
(15.01.10) SR/HSR Heile 1.400 elevar frå 20
ungdomsskular spredt frå Nordfjorden til Romsdalsfjorden
var med i nyhetskonkurransen ”5 rette”som Sunnmørsposten
arrangerte i haust.
Sidan den 12. oktober har elevane fått 5 spørsmål frå
nyhetsbildet kvar veke. Dei tre beste laga skulle møtast
til finale på Color Line stadion. 9. klasse si gruppe 9D
låg på første plass før finalen og dermed vart det tur
til byen. På grunn av at det vart delt 3.plass var det 4
lag som møtte til finale. Skarpare konkurranse med andre
ord...
Les og sjå
meir her |
 |
|
Meir
badebilete
(15.01.10)HSR
Kuldegrader og mykje snø har vore populært hos både unge
og gamle i desember og januar. Sjeldan har vi hatt
anledning til å dyrke vinterlege aktivitetar så lenge på
ein gong. MEN når ein skal bade i sjøen kvar torsdag, er
det nokre av oss som kanskje skulle ønskje at det ikkje
var fullt så kaldt...
Sjå fleire
bilete her. |
 |
|
Årstidsverkstad
(7.1.2010)AMU
Spennande verkstad om året
og månadene. Greier vi å lære namnet på dei 12 månadene
og dei fire årstidene tru? Les og sjå meir frå
årstidsverkstaden vår
her
|
 |
|
|
|
|
|
|
|