Leseveka: Framføringsdag onsdag
 
Onsdag var det framføring i leseveka. Etter felles start i lag med Astrid Lindgren og figurane hennar, gjekk elevane til gruppene sine. Der øvde dei på framføringar frå bøkene og historiene til Lindgren. Etter manuslesing og fordeling av roller starta øvingane. Og vel ein time seinare var det tid for framføring. På rekke og rad fekk vi oppleve flinke elevar i roller frå Ronja Røvardotter, Pippi, Emil  og Lotta. Under kan de sjå litt av det vi fekk oppleve under øving og framføring.