"Kouame møter barna"

 

"Kouame møter barna" var tittelen på denne konserten i regi av Kultursekken. Kouame Sereba er frå Elfebeinkysten, men snakkar godt norsk, og er no på turne i Møre og Romsdal. Første konserten på turneen var på Haramsøy skule, og publikum var elevane frå Lepsøy skule og Haramsøy skule.

Kouame fekk raskt kontakt med elevane, og imponerte dei med å spele på ei mengd ulike instrument som ikkje er så vanlege i Norge. Vi kan nemne tommelpiano, kaktusrør fylt av stein og ei kjempediger munnharpe.

Nokre av elevane fekk også vere med i Kouame sitt eige rytmeorkester. Takk til Kouame for ei kjekk stund, og takk til elevane som var med på notane som godt publikum!