Frukostkafè

Då var vi komne til den siste dagen av leseveka vår. Vi på barneskulen fekk ein kosleg dag ilag med dei eldste på barnehagen. Vi starta dagen med ei lita forteljarstund, der Grethe fortalde om då Pippi byrja på skulen. Så var det tid for god frukost. Ikkje noko å seie på matlysta. Vi åt opp 7 brød. Etter frukost var det tid for framføring av skuespela elevane øvde inn på onsdag. Lesing var neste post på programmet. Kjekt å finne ein stor til å lese for seg, finne seg ei lita "hule" og lytte på lydbok eller berre sitje for seg sjølv å kose seg med lesinga. Det blir nok mange sider på lesebarometeret i dag. Skal tru om Ida kjem til topps?

Alle samla til lesestund.

Kosedyra måtte få sitje her og vente til etter frukosten.
Spennande å sjå på framføringane!
Lesetid
Kjekt å høyre på lydbok.
Ein triveleg lesedag på barneskulen !