
|
Det er mykje ein kan lure på når ein skal ta til på skulen. Her er nokre punkt tidlegare foreldre gjerne ville vite før oppstart:
|
|
|
|
Første skuledag. Elevane møter kl. 08.20. saman med foreldre, eller andre vaksne. Foreldra er på skulen ca ein time, men det er høve til å vere lengre, etter behov. Barna er på skulen til skuledagen er slutt kl. 14.00. Før foreldra forlet skulen, er det viktig å gi beskjed om eleven vert henta, skal gå heim sjølv, tek buss (eg følgjer dei på bussen), eller skal på SFO.
|
|
|
|
Skuleveka: Måndag går dei til 13.05, tysdag og onsdag14.00, torsdag og fredag 12.10. Eleven må ha med nistemat første dagen. Mjølk har vi på skulen denne dagen. Skulen har ei mjølkeordning ein kan melde seg på. Det er ulike produkt å velje mellom. Liste vert lagt ut første dag.(lista er litt ulik frå år til år)Vi har faste datoar der ein kan endre mjølkebestillinga utover skuleåret.( Ein del av dei som skal på SFO har t.d.1/2 l i staden for ¼ l)
|
|
|
|
Mange lurer på om det er utstyr som må kjøpast inn. I gymnastikken treng dei gymsko.(Vi brukar ikkje treningsklede, dusjar ikkje etter timen. Det tek veldig lang tid og dei er gjerne like sveitte etter friminutta). Ein del liker å ha innesko, då golva kan vere kalde og det kan bli vått i gangane. Vi er ute kvar dag, så gode ytterklede til alt slags ver er godt å ha.(Om de vil ha eit skift som heng på skulen, avgjer de sjølve) Vi har og uteskule ein dag anna kvar veke, der vi er ute heile dagen. Til dette er det lurt med ein tursekk (gjerne den avdanka barnehagesekken), sitjeunderlag og termos til varm drikke. Elevane treng kleskift, (inneklede).
|
|
|
|
I mai inviterer rektor foreldre og elever til innskriving. Eige skriv vert utsend. I juni inviterer vi elevane til å møte læraren og sjå klasserommet. Dette gjer vi på kveldstid. Det er hyggeleg å få treffe kvarandre. Elles er elevane som går i barnehagen på besøk om våren, der dei får prøve ein skuledag saman med 1. klasse. (Vi bruker å invitere elevar som ikkje går i barnehagen til å møte). Læraren vitjar også barnehagen om våren, saman med 1. klasse. Vi har ein del fadderordningar ved skulen. Dei har gruppeleiarar som hjelpe dei på ulike verkstader og dei får eigen datafadder og lesefadder. Desse har og eit spesielt auge til elevane i friminutta og liknande. For å nytte ressursane ved skulen best mogleg, er det vanskeleg å setje opp kven som vert fadder til kven før timeplanen er lagt. Så det er klart først ved skulestart. Håper dette kan vere svar på ein del av det de lurer på. Meir info kjem ved skulestart og ein del praktiske ting vert teke opp på foreldremøtet rett etter skulestart.
|