Fotballsko til Afrika?

 

Tidlegare denne månaden kom det ein mail siglande frå ein tidlegare elev her ved skulen. Richard Hansen tok kontakt, og lurte på om vi var interesserte i å vere med på eit småskal hjelpeprosjekt. Han hadde vore i Afrika, og kome i kontakt med Movers Football Club i Mombasa i Kenya. Dette er ein fotballklubb for gatebarn i alderen 10-16 år. 60 ungar utan sko delte på ein ball.

Richard og kameratane hans ville hjelpe desse barna. På eige initiativ har dei kjøpt inn 10 ballar, ti kjegler, vestar og keeperhanskar. Gleda var stor!

No vil Richard gjerne hjelpe meir. Han ynskjer å ta med seg brukte fotballsko til Mombasa. Desse skal dei 60 ungane bruke på deling.

Så oppfordringa er: har du eit par brukbare fotballsko som du har vakse frå, eller som du av ein eller annan grunn ikkje skal bruke; ta dei med på skulen så skal vi få overlevert dei til Richard. Frist: 25. oktober

Her er brevet Richard skreiv:

   
Kjære medøyingar

Mitt namn er Richard Hansen, og er tidligare elev ved Haramsøy Ungdomsskule. Nokon av dykk kjenner meg kanskje frå før. I påska i år besøkte eg byen Mombasa i det fattige landet Kenya i Øst-Afrika. Her var eg for å treffe min gode venn Kristoffer Erichsen, som i eit år budde i landet og jobba med fleire prosjekt blant dei mest vanskeligstilte i byen. Han jobba m.a med eit prosjekt som heiter Movers Football Club - ein fotballklubb for gatebarn på øya Likoni i Mombasa. Dette er ein klubb driven av KFUK (Kristen Forening Unge Kvinner) i samarbeid med frivillige norske kvinner og menn, samt ein evnerik, ung lokal mann som heiter Jimmieh. Gjennom Kristoffers innsats har dei no gått frå å ha èin ball til 60 ungar, til å no ha 10 ballar, 10 kjegler, vestar og drakter som dei kan bruker når dei deltek i ein lokal liga for gatebarn i byen.

Då Kristoffer kom heim, diskuterte vi om det var noko vi kunne gjere for denne gjengen no når dei er så langt borte. Vi stod att med spesielt èin idè som vi ville gjennomføre. Kva om vi på desse øyane kunne klart å gjere kvardagen til kanskje oppimot 100 gatebarn lysare gjennom å rett og slett gi dei noko som likevel ville hamna i søpla? Eg tippar det er mange som har brukte fotballsko liggande som av ulike grunnar ikkje er i bruk lenger, men som framleis er brukbare. Det er desse skoa eg håper å halde ute av søpla, og heller samle inn for å sende til Kenya.

Tanken er at det, i likheit med det andre utstyret, skal ligge fotballsko i lokala til KFUK som blir tekne fram til trening. På denne måten deler dei sko, og framtidige ungar på laget får også glede av skoa. Prosjektet er nesten året rundt støtta av frivillige, norske kvinner og menn. Eg kjenner dessutan Jimmieh personlig, og har jamleg kontakt med han gjennom sosiale medium på internett.

Så derfor oppmodar eg alle til å ta ein titt i kjellaren, loftet, boda, skapet og andre stader det kan ligge brukte, men brukbare fotballsko og sende dei med sin eller sine unge, lovande på skulen ........ Skoa vil bli sende til Afrika med Kristoffer Erichsen når han reiser dit seinare i haust.

Mvh Richard
Richard er karen i svart trøye lengst til venstre.