|
Diverse infoskriv
Polen-turen (06.04.10)
OEM
Rett ovanfor vil du finne ein god del
informasjon om Polen-turen. Trykk på dei lenkjene du vil!
|
 |
|
Fornorsking av ord (10.03.10)
OEM
Elevane i 10. trinnet er på ordjakt av
fornorsking av engelske ord. Her er delar av fangsten: sørvis,
røgbi, jogurt, ketsjup, pønk, streit,, beibi (bebi) jus, tøtsj,
kløtsj, kikk, finisj, gaid, faiter, polisj. Finnest det fleire?
Sjekk
også ut denne
|
Minner om denne ordlista som
er å finne på nett:
Ordliste på nett
|
| HUSK
Grand Prix 2010!! (20.02.10) HSR
Endeleg er bilda frå årets Grand
Prix-forestilling ved Haramsøy Skule lagt ut. Ein fullsatt
gymsal fekk oppleve 8 melodiar frå 50-/60-talet med nye tekstar,
fantasifulle kulisser, kreativ dans og mange flotte
vokalprestasjonar. Tradisjonen tru var bandet òg elevar frå
ungdomsskulen med vår eigen "Grand Prix-general" Geir som
kapellmeister!
Sjå MANGE bilder
her |
 |
|
|
|
| Ein
vanleg skuledag... (16.02.10) HSR
Om ein står på utsida ser det ut som ein
vanleg, solrik februardag på ungdomsskulen, men på innsida får
du raskt eit anna inntrykk. På alle rom er det stor aktivitet.
Sang, dans, snekring, maling, speling og diskusjon. Elevane
førebur seg til HUSK GRAND PRIX som tradisjonen tru vert
arrangert torsdag før vinterferien (kl 19.00).
Sjå nokre bilete frå førebuinga
her. |
 |
|
|
|
Skidag på Longva
(20.01.10) HSR/OEM
Torsdag 14. januar dro alle elevane ved ungdomskulen til Longva
for å kose seg på ski. På Longva hadde idrettslaget kjørt opp skispor og
det var perfekte forhold. Det ble arrangert både prolog og jaktstart i
klassisk stil, med stort engasjement og upåklageleg innsats i både gute-
og jenteklassen.
Fleire bilete
ligg no her! |
 |
|
|
|
|
Kalender ut
året
(25.11.09) OEM Frå og med
neste veke (veke 49) blir det ikkje "vanleg" timeplan på skulen.
Det er mange førebuingsdagar, og gjennomføring av tentamen. I
tillegg står volleyballturnering, framføringar, juleverkstad og
juleball på programmet.
Kalender for desember finn du her
|
 |
|
Meir dans (24.11.09) HSR
Her kjem endeleg fleire bilete frå
danseprosjektet vårt. Til dette årlege prosjektet inviterer vi
7.klassingane frå Flem, Lepsøy og Haramsøy til å vere saman med
u-skuleelevane og lære litt dans. På den måten blir det ikkje så
skummelt å møte opp på juleball eller å byrje på u-skulen neste
haust. Torsdag fekk vi besøk av Marit og Andrea frå Vatne. Då
var det swing som stod på programmet! Fredag vart prosjektet
avslutta med oppsummering og repetisjon. Ros til flinke,
engasjerte og blide elevar og instruktørar!!
Bilete
her |
 |
|
Danseprosjektet
er i gong
(18.11.09) HSR I skrivande stund
er gymsalen full av meir eller mindre danseglade ungdommar.
Reinlender og seksmannsril skal øvast inn i dag. Sigrun og Odd
Einar er instruktørar. I morgon skal heile dagen nyttast til å
lære swing...
Følg med!
Bileter frå onsdag ligg
her |
 |
|
Knivmaking
i kunst og handverk (15.10.09)
HSR
I haust starta 9. og 10 steget
på eit prosjekt i kunst og handverk i lag. Målet er å
lage kniv og slire. Vi har kjøpt knivblad men alt anna
skal vi lage sjølv. Elevane synest dette er kjempeartig
og dei to timane vi har til disposisjon i veka går
frykteleg fort...
Sjå
fleire bilete |
 |
|
|
|
10.trinn:
Stafett og
bading på småbåthamna
(24.09.09)
OEM10.trinn skal
ikkje ta frå 9.trinn tittelen som skulen sine "isbadarar",
men dei ba instendig om å få kome på nett med biletprov
på at dei hoppa i vatnet denne veka. Etter rykta viser
badetermometeret om lag 11 grader pluss, men 8 elevar
var likevel i vatnet.
Les meir |
 |
Skuleval på ungdomsskulen:
Paneldebatt med
temperatur
(21.09.09)
OEMFredag før valet var
det paneldebatt og skuleval på u-skulen. Spørsmål og
innlegg frå salen av 8. og 9. klasse var gode, og
debattantane frå 10.kl vart verkeleg sett på prøve.
Sjå meir |
 |
|
Spansk siger i fotballturnering (21.09.09)
OEM Ungdomsskulen
arrangerte si årvisse fotballturnering forrige onsdag.
Med strålande innsats i eit noko ujamt vér gjekk den
fint føre seg, med gode og sportslege prestasjonar. God
jobb av dommarar og assistentdommarar også!
Les meir,og fleire bilete her
|
 |
|
Klasseforeldremøte
onsdag 9.september (08.09.09)
Les
innkallinga her
|
 |
|
Hjarteleg
besøk frå Vietnam
- No med bilete (03.09.09)
10 fotballspelarar og 4
vaksne ledsagarar frå Vietnam besøkte Haramsøya og
Longva torsdag. Først på skulen, og deretter Ullafyret (biletet), Gunnabuda på
Longva og ei fotballøkt på Nordøy stadion.
Les meir, og mange bilete her! |
 |
Ungdomsskulen:
Til topps på Skulen! (02.09.09)
Fredag 28.august var alle på ungdomsskulen over til Flemsøy/Skuløy. Turen starta ved
Knutgarden på Flem, og vi gjekk opp til fjøsen. Turen gjekk så
til toppen av fjellet, og mest alle elevar og lærarar nådde "Skulen".
Sjølv om utsikta heilt på toppen var noko tåkete, og myggen var
som verst nede ved basecamp, så hygga vi oss svært så godt!
Les meir
og sjå mange bilete her |
 |
|
Aktivitetsdag fredag 28. august
på ungdomsskulen (27.08.09)
Sjå skriv
om dagen på fredag her. |
 |
| |
|
|
Tilbake til framsida Haramsøy skule |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|