Frå ku til kartong    


På hurtigbåten

Torsdag 15.11 la vi ut på tur til Ålesund. Vi reiste med hurtigbåt. Målet var meieriet. Der skulle vi ha temaet : Frå ku til kartong.

 

Vi fekk sjå mykje spennande på meieriet. Følg med følg med.

Jan Ove Austnes tok flott imot oss. Han fortalde litt om meieriet og viste oss ein del av produkta.

Han viste oss rundt på heile meieriet.
Vi var kjempeheldige som fekk kome. Det passa supert inn i storylinen vi held på med.


Før vi begynte på omvisninga i meieriet måtte vi ha på oss plastfrakkar og luer på hovudet. Vi måtte også ha plasttrekk på føtene. Viktig at alt er reint i eit meieri.

I tillegg måtte vi ta av klokker, ringar og øyredobbar.

 

 

Her er gjengen klar for omvisning

Jan Ove viste oss mykje spennande.
Her ser vi fløtekartongane før dei vart sett inn i maskina der fløten skulle tappast.






Her er fløten ferdig tappa på kartongar. No er det like før den skal setjast på brett som skal sendast ut i butikkane

Her går vi forbi maskina som tappa mjølka i kartongar. Veldig stilige maskiner.
Vi såg mange ulike transportband rundt om i meieriet. Dette var eit av dei tøffaste, for det gjekk i oppoverbakke.
Når puddingane eller geleane kom frå transportbandet, stod ein robot klar til å setje dei på pallar. Gjett om roboten var kul!!!
Når pallen var full, gjekk turen vidare til ei plastemaskin, som surra plast rundt heile pallen. Den var også veldig tøff.
Nam Nam !!! Masse sjokoladepudding....
På slutten av runda vår var vi så heldige at der kom inn ein mjølkebil. Då fekk vi sjå korleis sjåføren tok prøve av mjølka for å sjekke om der var medisin i den.
Ein spennande dag på meieriet er over. Tusen takk til Jan Ove som tok så flott imot oss. Vi hadde ein super og lærerik dag. Sjokomelka var god og linjalane og viskelera skal vi bruke godt.

Bibliotektur

Etter besøket på meieriet var det veldig kjekt å slappe av og kose seg på biblioteket i Ålesund.

Her kosar vi oss med Donald i den herlige lesesofaen deira.

Ein flott skuledag er over. Kjekt å reise på tur med flinke og kjekke elevar og foreldre.