ARKIV, REPORTASJER FRÅ JANUAR 2011 TIL OG MED JUNI 2011
Avslutning på SFO (SMK)

Sist fredag var det sommer-avslutning på SFO. Først hadde vi ei lita økt inne med hylling av dei som er ferdige med SFO-tida si. Sonja, som også skal slutte, hadde med seg sjokoladekake!

Deretter tok vi bussen til Ulla, og det vart ein flott tur! Vi samarbeidde godt med vergudane, og fekk utsatt regnbygene til kvelden. Vi grilla, og dei aller fleste var uti og vassa i det kalde vatnet…Berga var deilig solvarme, endelig ein smak av sommer! Vi fekk ei flott avslutning på eit kjekt SFO-år, og no ynskjer vi alle små og store ein riktig GOD SOMMER!

Sjå bilete her.
 

Helsing frå Knut (HSR)

Som alle veit, skal rektor Knut pensjonere seg. Han har laga eit lite skriv til foreldre og elevar.

Det skrivet finn de her (pdf)

Bytur, bowling og pizza  (GS) Tidlegare i år framførte elevane på mellomsteget musikalen "Hemmelegheita på loftet".  Pengane som kom inn skulle brukast til ein avslutningstur på slutten av skuleåret.

For bilete sjå her!

 

  Avskjedsfest for Knut (HSR)

Fredag 17.juni hadde elevar og lærarar ved Haramsøy skule planlagt ei overrasking til Knut. Sjølv om vi visste at det kom til å bli mange fine ord, blomar og anna på avslutningsfesten måndag, ville vi lage ei lita markering i gymsalen.

Les og sjå bilete frå festen her.

Avskjedsfrukost for Marit (GFU)

Etter fleire tiår i skuleverket, trer no Marit inn i pensjonisttilveret .

Marit har i hovudsak undervist ved barneskulen, elevane og lærarane her, ville lage ei markering for henne.

Det vart ei kjenslerik og fin stund. Bilete her

 

Det løner seg å lære engelsk(GFU 16.06)

Det er dei alle fall einige om i 1. klasse.

Tidleg i haust lærte vi namnet på muffins, dersom dei hugsa det til sommaren skulle vi ete cupcake.Som lyn frå klar himmel var det ein som fekk eit flachback.Det var berre å setje i gong og lage cupcakes, her er resultatet.

 
Aktivitetsdag i Nordøyhallen (KU 09.06)
Medan 10. klassingane sveitta seg gjennom munnleg eksamen i naturfag og samfunnsfag, kosa 8. og 9. klasse seg med ulike aktivitetar i Nordøyhallen.

Les meir

0-klassetreff (GFU 15.06) 

Med avslutning av eitt skuleår, står eit nytt for tur.  Onsdag 8. juni var dei nye elevane og foreldra samla på klasserommet "sitt".

Sjå våre nye brukarar her

 
Besøk av 7. klassingane (KU 07.06)
Som ein del av overgangen mellom barneskule og ungdomsskule, er 7. klassingane frå dei ulike barneskulane invitert på besøk til ungdomsskulen kvar vår. Idag var dei 14 som skal utgjere 8. klasse neste skuleår, på guida tur!

[Les meir...]

Besøk frå naboskular (08.06.11) GS
Tysdag fekk mellomsteget på Haramsøy skule besøk av elevane frå mellomstega ved Flem skule og Lepsøy skule. Dei tre skulane har årlege treff og skiftar på å vere vertskap. I år var det Haramsøy sin tur.

For bilete sjå her!

 
Utedag i Sjurlafjøra(AMU 6.juni 11)

Kjekt å treffast igjen etter
langfri. Vi tok turen til
Sjurlafjøra.
Der fann vi mykje spennade under steinar , tang og tare. På menyen stod fiskeburger. Det gjekk ned på høgkant.

Sjå bilder

Tur til Ullaholmen.  (IP 6.06)

8.klasse hadde ein kjekk ekskursjon til Ullaholmen der dei fekk vise fram alt dei hadde lært om geologi den siste tida! Og det var ikkje lite!

Ny utedag for 1. klasse                                                 (GFU 26.mai 11)

Denne gongen var vi fjøra.

Mykje rart som skjular seg i tara, berre ein ser godt etter.

(Bilete her)

Tøff om natta.....   (KU 26.05)

Etter lang tids venting, var det i natt endeleg klart for at 8. klasse kunne overnatte på skulen. Og la det vere klart; dette er ingen trøtt gjeng!
[Les meir...]

 
1. klasse på rumpetroll ekspedisjon (GFU 19.05.11)

Som nemnt er ikkje dårleg ver noko hindring.

I full "sunnmørsbunad" la vi i veg.

Bilete måtte takast mellom bygene, så det vart berre nokre eksemplar. Dei finn du her.

Regntung utedag på Røhammeren  (19.05 AMU)

I dag plaska regnet ned gjennom heile utedagen vår. Tøffe som vi er, så sit vi ikkje inne av den grunn. Vi tredde på oss regndressane og la i veg til Røhammeren. Ingen pysar i 2.klassa , nei!

Les meir her

Full fart med Tinestafetten (13.05.11 KU)
Mykje folk og god stemning på Aksla stadion torsdag. 8. klasse var eit av dei 69 laga som deltok på årets Tinestafett.  [Les meir...]

17.mai verkstad      (13.05 GFU)

I dag hadde vi besøk av 0-klasse på verkstaden.

Dei var bra flinke.

Sjå bilete her


Utedag til Johannesfjøra
(05.05.11 KHF)
I dag var mellomsteget igjen klar for utedag. Målet for turen var Johannesfjøra. Elevane grilla og kosa seg med pølser og Marsmellows i fineveret. Etter ei god matpause, var vi klare for å dramatisere livet til Olav den Heilage. Slaget på Stiklestad i 1030 var sjølvsagt høgdepunktet.    
For bilete sjå her!

Ein tur, mange opplevingar.         (08.05.11GFU)

Torsdag 5. mai var 1. klasse på tur med kyrkjegarden som utgongspunkt.

Mangt kan skje, sjå her.

Vår i Tornekrattet (02.05.11 BNA)

Endeleg vart det verkstad igjen, vårverkstad. Grethe tok oss med til Tornekrattet der vi feira bursdagen til Wilfred.

[Les meir...]


Hopp for hjertet (05.05.11 KHF)
Nasjonalforeninga for folkehelse er opptekne av å gi barn gode vaner tidleg  for å førebygge hjerte- og karsjukdommar. Dei ynskjer å bidra til at barn skal få eit godt forhold til fysisk aktivitet. Difor arrangerar dei kvart år ein hoppetaukonkurranse for elevar i heile landet.
Les meir på www.nasjonalforeningen.no
På mellomsteget er innsatsen på topp.
For bilete sjå her!
Besøk av doktor Proktor (28.04.11 KU)

Teateret Vårt besøkte skulen onsdag, med kortversjonen av Jo Nesbø si bok "Doktor Proktor's Prompepulver"

[Les meir...]

Kreativ gründercamp (15.04.11 KU)

Etter to dagar med meir eller mindre intens jobbing, var det fredag klart for å presentere resultatet for juryen. Camilla Blom, Per Arne Tomren og Per Olav Vedeld fekk ei vanskeleg oppgåve med å kåre ein vinnar.

[Les meir...]

 
Gründercampen er i gang (12.04.11 KU)

Idag starta Gründercamp 2011 på ungdomsskulen. Dette er ein treningsleir i kreativitet, der elevane har fått reelle oppdrag frå bedrifter og organisasjonar. Idag var det valg av oppgåver, samt ei oppvarmingsøving som stod på programmet. Onsdag og torsdag skal det jobbast med dei ulike oppdraga.

[Les meir...]

Kosleg vårfest på barneskulen (15.04.11 AMU)
 

Etter ein nydeleg påskefrukost var det tid for vårfest. Ein flott dag med god påskestemning.

Les og sjå bilder

Musikalsuksess  (08.04.2011) GS
 
"Jippi! Vi greidde det! Elevane på mellomsteget jubla etter framføringa av musikalen "Hemmelegheita på loftet" torsdag kveld.

Les meir her

 

 

 

Ny runde med MOT (11.04.11 KU)

Måndag vart det klart for ei ny runde med MOT i 8. klasse. MOT er eit flott opplegg som tek opp viktige spørsmål som elevane kan kjenne seg igjen i.

[Les meir...]

Yrande liv i vikingsetet (5.5.11 AMU)

I vikingsetet ute på Harham er det mykje som skjer. Her er det vikingskip som er under arbeid, smier kjem opp, nye gruer og gryter blir til.  Treskjerarane har fått bestilling på eit dragehovud til eit stort vikingskip. Med andre ord, eit yrande liv....
Les meir
Avrundning av storylinen(7.5.11 GFU)            

Det skjer på Haram.

Torsdag 7. april drog dei barkse vikingane i småskulenpå nytt tokt til Harhamar. Vi nemnar både gravhaugar og gullfunn. Her

Vi set att med mange opplevingar og mykje kunnskap om vikingar. Elevane har laga ei utstilling som står i gangen fram til påske.Kom gjerne innom og ta ein titt. 

Langhus i vikingtida (31.3.11 AMU)

Vi har spennande dagar på
småskulesteget for tida.
Det er mykje å lære om
livet i vikingtida. I dag var det tid for nøkkelspørmål 7:
Kva slags hus hadde vikingane?

Les meir

Endeleg musikal!  (04.04.2011) GS
 
Den siste tida har elevane på mellomsteget øvd på ein musikal som heiter "Hemmelegheita på loftet". Det er vel verdt å ta seg ein tur på Haramsøy samfunns-hus torsdag kveld klokka 19.00 for å sjå og lære av dei flinke elevane.

Sjå større plakat her!  

             

Fin frukost på 9ande klasserommet.

Sjå fleire bilete her.

Etter frukosten var det sal av pastasalat.

Dag 2 i storylinen. (GFU 25,03.11)

Kva skjer ?

 

STORYLINE(BNA 30,03.11)

Vi har hatt fleire nøkkelspørsmål og oppdrag gjennom vårt liv i vikingtida. Elevane er delt inn i familiar som har kvar sine spesialfelt.

 Sjå fleire bilete her

 
Tårnbygging! (IP 22.03.11)
8.klasse hadde konkurranse i tårnbygging sist fredag. Her kan du sjå bilete frå bygginga!

 

STORYLINE (BNA 24.03.11)

Dag 1, 24. mars 2011

I dag reiste småskulesteget til gamle Haram kyrkjegard, tusenårsstaden. Det var tid for storyline og årets tema er "Harhamarsey i vikingtida, ca år 1000" Vi gledde oss veldig! Det var surt og kaldt, noe som kanskje understreka temaet og Grette den sterke sin overfart frå Island til Sunnmøre. Sjå fleire bilete her

Nye språklærarar    (SR 16.03.11)
10.klasse er no klar til å reise til Polen; avreise fredag morgon kl. 05:15! Men før den tid må me oppdatere oss på det polske språket Les meir
To flotte skrivedagar på barneskulen(AMU20.03.11)
Denne veka har vi på barneskulen hatt to kjekke skrivedagar.
Ein innedag og ein utedag.Målet for dagane har vore å verte betre til å skildre.

Les meir

Skjema for leksehjelp og SFO    (HSR 14.03.11)
Elevane på småskulesteget (1. – 4.) klasse har i dag med seg som ranselpost påmeldingsskjema for leksehjelp og søknad om SFO (samt vedtekter for SFO og betalingssatsar) for neste skuleår. Søknadsfristen er 1.april.
Dei som vil skrive ut eitt eller fleire skjema heime finn dei som PDF under her.

Påmelding leksehjelp | Søknad SFO | Vedtekter SFO | Priser SFO

Gløymt noko?    (HSR 15.03.11)

På Lars sitt kontor ligg det saker og ting som reinhaldarane har funne når dei har vaska. Det mellom anna ein mobiltelefon, to par briller, ein husnøkkel, ei klokke og diverse smykker/øyrepynt. Klikk på biletet for å sjå det større. Om det er nokre av desse tinga som høyrer deg til så ta kontakt med skulen.

 
Morgonfrisk gjeng    (KU 14.03.11)

Kl 07.00 var 5 elevar på plass i Nordøyhallen for å ha morgontrening. Tiltaket kjem igang som eit samarbeid mellom Haramsøy skule, HaNo FK og Nordøyhallen. Det vart ei kjekk økt med fokus på ulike tekniske ferdigheiter. Vi håper at fleire tek turen etter kvart!

 

Språk er viktig!    (KU 14.03.11)

Ver stolt av dialekta di! Språk er ein svært viktig ting å kunne!
Språk gjev makt, og språk gir deg identitet. Dette var mellom anna bodskapen som Runar Gudnason (vokalist i rap-gruppa SideBrok) og Einar Helleve formidla til u-skulen fredag. 2 timar gjekk fort, og det var gode tilbakemeldingar frå elevane. Nok ein gong ros til Kultursekken for gode tilbod! Men hugsa vi å ta bilde? Ser ikkje slik ut......

 

Kjekt å ha utedag saman med barnehagen.         (GFU 10.03.11)

Torsdag 10. mars var 1. klasse og dei eldste i barnehagen på tur til "Bendik-bakken"

Sola skein frå nesten skyfri himmel, det var reine, skjære påskestemninga.

Sjå fleire bilete her

 

Kva eigenskapar har basar?  (KU 14.03.11)

I 8. klasse jobbar dei med basar på naturfagsalen. Idag var oppgåva å sjekke ut kva eigenskapar basane salmiakk og krystallsoda har. Raudkålsaft vart nytta som indikator. Raudkålsaft må vere ein undervurdert ressurs:)

[Les meir...]

 
Endeleg bading!  (25.02.2011) KHF

Mellomsteget er allereie godt i gong med årets badesesong. Skulen har fått ekstraløyvingar frå kommunen, slik at alle elevane kan reise tre gongar til Finnøya for å bade. Badeanlegget på Finnøya er kjempefint, med gode fasiliteter, kjekke badevakter og ei fantastisk utsikt.

Elevane storkosa seg. Fleire bilete her!

 

Akedag i strålande solskin (BNA 10.03.2011)

Utedagen denne torsdagen var 2. 3. og 4. klasse i akebakken med kjelke, ski og akebrett.

Fleire bilete her

Dei gamle er eldst (KU 24.02.11)

"Oldisane" med melodien "80 år" gjekk til topps då Haramsøy skule hadde sin Grand Prix torsdag. Men som programleiar Thomas sa det; "Idag er alle vinnarar". Elevane koste seg på scena, noko som smitta over på det talrike publikummet. Vel blåst! Her er ein haug med bilder som er henta frå både førebuingar, generalprøve og framsyning.

Sjå mange bilder

 

Karneval 2011(AMU 24.02.11)

Sydande aktivitet rundt omkring på heile barneskulen, er det som kjenneteiknar karnevalet. Likevel er det ei lun, roleg og god stemning. Elevane er flinke til å finne på kjekke aktivitetar. I år var det mangt og mykje ein kunne prøve seg på.

Les meir og sjå mange bilder

Isglede i strålande vintersol (AMU 22.2.11)

Strålande sol i herleg vintervèr er supert når ein skal på skøyteisen. Ferdigheitene på skøyter vert stadig betre. Kjekt å få boltre seg på isen.

Sjå bilder

 

Ikkje gløym HUSK GP! (KU 23.2.11)

Øvingane går for fullt. Torsdag kl 19.15 er det klart for HUSK GP 2011. 8 innslag vil verte servert av elevane ved ungdomsskulen. Ta deg ein tur då vel!

 

Ta gjerne turen innom 9.klasse si heimeside.

 

 

Peace of Cake

Etter vinterferien  blir det Taco.

 

Herlig westernkonsert er over (AMU 14.2.11)

Då er vi i mål med den tiande samarbeidskonserten mellom korpset og barneskulen.
Det vart ein fantastisk flott konsert.

Les meir

 

Fastelavn verkstad. (GFU 17.02.11)

Dette må då vere eit teikn på at våren snart er i kjømda.

Karneval høyrer fastelavn til  og det gjorde det på verkstaden og`

Sjå bilete                          

 

Symboljakt i kyrkja
(10.02.2011) AMU
2. klasse lærer om kristne symbol i RLE.
Eit anna mål er å
utforske den lokale kyrkja.
Då var det kjekt å få ta seg ein tur inn i den flotte kyrkja vår på jakt etter symbol. Dei fann mange symbol rundt om, både i tak, på veggar og på messehaklane som presten viste oss. I tillegg lærte dei også ein del ord knytt til kyrkja og kyrkjerommet.

Les meir
Spanande tur til Åsgard.(GFU 10.2.11)

1.-, 3.- og 4.- klasse på tur i den gamle gudeverda.

Sjå korleis det gjekk her.

 

 

 
SAMANE (04.02.2011) BNA
Temaet på verkstad denne veka var "Same-folket" Vi høyrde om ein samegut som måtte ut å leite etter reinsdyret sitt, det hadde rømt frå innhegninga. Vi lærte om dei 8 årstidene og korleis ein kunne si "god dag" på samisk.

Sjå fleire bilete her!

Westernkonsert
(08.02.2011) AMU

Samarbeidskonserten med korpset nærmar seg med stormskritt. No er det intense øvingar og terping på detaljar. Cowboyutstyret begynner å dette på plass og vi er snart klare. Vi gler oss til ein kjekk konsert ilag med korpset.

Konserten startar kl. 16.00 førstkomande søndag.(13.2.2011)
For elevane vert det øving og generalprøve laurdag kl. 13.00 til ca 15.30.

Litt bilder

  Vikingdag på Varden     (27.01.2011) GS
Dei siste vekene har elevane på mellomsteget lært om korleis livet til vikingane arta seg.

Sjå fleire bilete her!

 

BAKEDAG (30.01.2011) BNA

Utedagen denne torsdagen var 3. og 4. klasse på kjøkkenet.

Sjå fleire bilete her!

VÅRT LOKALSAMFUNN (27.01.11) BNA

Når du mikser 3. og 4. klasse med Vårt lokalsamfunn, får du en flott blanding

Sjå bilete her

På tur til Sørpolen.(27.01.11) GFU

Torsdag var 1. klasse ute på ekspedisjon    Vi hadde ein del oppdrag å gjennomføre.

Les og sjå bilete frå turen her.

 
Kultursekken er topp! (24.01.2011) KU

Fleire gongar i året er vi så heldige at vi får servert store kulturopplevingar på eigen skule. Det er vi svært glade for! Idag var det barneskulen som fekk vere på konsert i gymsalen.

École Creolé var ei flott framsyning!

[Les meir...]

Knivane tek form (25.01.2011) HSR

Dette skuleåret har 9.klasse arbeidd med å lage kniv i kunst og handverk. Fram til no har det vore utforming av knivskaft som har hatt fokus. Fleire er no iferd med å bli ferdig og er klare for å lage slire til kniven.



[Les meir...]

Frå planteikning til ferdig hus (19.01.2011) KU

8. klasse har arbeidd med å designe draumehuset. No skal planteikningane gjerast om til eit hus i papp. Mykje tenkjing skal til for å få omsett teikninga til eit ferdig produkt.

[Les meir...]

Verkstad på småskulen (20.01.11)GFU

Tema var kunstnaren Harald Sohlberg.Vi fekk m.a. lære om kjende måleri, kva fargar han likte og litt om korleis han levde.

                                                                                                  Her var mykje å la seg inspirere av.               Flotte resultat på stasjonane.

Sjå bilete her.

Leseprosjekt på u-skulen (16.01.2011) KU

Lesing er eit av fokusområda til Haramsøy skule. På ungdomsskulen skal elevane jobbe med eit leseprosjekt dei 8 neste vekene. Målet er å auke både lesefart og leseforståing. Det vert gjort ved å trene både teknikk og kondisjon. Måndag i 4. timen har heile skulen lesetime.

[Les meir...]

Grand Prix - sirkuset er igang (16.01.2011) KU

24. februar er det klart for HUSK Grand Prix. Men det er mykje godt arbeid som skal gjerast før den tid. Difor er førebuingane godt i gang!

[Les meir...]

8. klasse laga spektroskop (10.01.2011) KU

8. klasse laga sine eigne spektroskop denne veka. Med enkle hjelpemiddel laga elevane eit instrument som gjorde at dei kunne sjå dei ulike fargespektra som ulike lyskjelder sender ut.

[Les meir...]
 

Akedag i Ole Kristian-bakken  (13.01.11 GFU)

Torsdag 13. januar var heile barneskulen på tur.

Flott ver og gnistrande føre.                                

Sjå mange mange bilete her
Fruktordninga 01.01.11 HSR

Haram kommune vedtok før jul at ordninga med gratis frukt til elevane ikkje skal vidareførast i 2011. Vi informerer om dette for at dei elevane som treng ei frukt tidleg på dag skal ha høve til å ta med seg frukt heimafrå allereie fyrste dagen etter nyttår. Har de spørsmål til dette med fruktordninga, ta kontakt med inspektør på tlf 70214473.

Ut i veNrdsrommet !
( 6.1.2011) AMU

I dag gjekk ferda ut i det spennande verdsrommet. Vi fekk lære meir om solsystemet og planetane. Eit ynda tema for svært mange av elevane. Det vart ein kreativ verkstaddag.

Sjå bilder

 
Nytt år, "ny" side 01.01.11 HSR

2010 er historie og alle dei gamle artiklane er no lagt under Arkiv 2010 heilt nede på denne framsida. Der finn de den gamle framsida og kan navigere i ho slik de er vande med.

Til alle dykk som er faste lesarar så har vi eit ynskje no i det nye året; vi er interesserte i å få innspel om korleis sida til skulen kan verte enda betre enn ho er no. Send ein mail og fortel oss om dine tankar til IT-ansvarleg.

Godt nytt år  til elevar og føresatte.

Oppstart etter nyttår:

Barneskulen: Tysdag 4. januar.
Ungdomsskulen har elevfri tysdag og startar opp onsdag 5. januar.