| BAMSEFEST
(29.08.10) GFU FINT BESØK I 1. KLASSE
Trykk her for
å sjå fleire bilete |

|
|
Naturvev
og bålmat
(27.08.10) GS På mellomsteget har
vi som mål å bli kjende med dei vanlegaste planten og
plantefamiliane vi har rundt oss i naturen. Elevane har samla
planter langs vegkanten, på enga og i skogen, og dei held på å
lage seg herbarium. Vidare veit mange no kva som er
forskjellen på kronblad, begerblad og støvberarar.
Det er mange nye fagord som skal få innhald.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
| 1.KLASSE PÅ
BÆRTUR
(26.08.11) GFU
Torsdag rusta vi oss mot flottangrep, høge støvlar og regnkleda
knappa godt igjen.
Dermed var vi klare for bærplukking.
Sjå kor flinke dei var. |
 |
| Gøy
med ripsbærplukking
(26.08.10 AMU) I dag var
2.trinnet på tur til Jogeir sin hage. Der plukka vi rips i lange baner.
Det vart til herlig dessert med vaniljesaus + ripsgele. Nam nam! Les
meir og sjå bilder
her |
 |
| Utedag
til "Johannesfjøra"
(26.08.10 BNA) Første
utedagen i det nye skuleåret. Trykk
her for å sjå bilete frå turen. |
 |
|
Teambuilding på Goaldet (26.08.10 HSR)
I går var 8.klasse på tur til Lepsøy for å
bestige Goaldet 490 meter over havet.
Trykk
her for å sjå bilete
frå turen |
 |
|
| 1.
SKULEDAG (20.08 GFU)
Flott ver, flotte
elevar, barneskulen nyoppussa...... Berre glade fjes å sjå, så no ser vi fram til å ta fatt på eit nytt
skuleår.
Her er nokre bilete frå
1. klasse
|
 |
|
|
Skulestart i
godver
(20.08.10) GS Sommaren kom til
Haramsøya til skulestart. Fredag nytta vi sjanse til bading på
storbåthamna. I tider med lite symjetrening er slike dagar til
svært god hjelp. Og vi hadde det kjekt. Elevane på mellomsteget
er flinke å symje og trygge i vatnet.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Velkomen til nytt skuleår!
(15.08.10) HSR Det er skulestart
for alle elevane torsdag 19. august. Elevane på barneskulen møter
klokka 08.20 og elevane på ungdomsskulen møter 08.30.
Haramsøy skule ønskjer alle velkomne til skuleåret 2010/2011!
For dei som skal byrje i 1.klasse kan det vere greit å sjå på
informasjonen som ligg under NYTTIG INFO og heiter "skulestart" (eller
trykk
her for å kome direkte dit).
Om du er 8. klassing, kan du finne litt info
her |
 |
|
| Takk for i år frå
barneskulen!
(18.06.10) GS
Så er eit skuleår over. Vi lærarane har vore så
heldige å få låne kjekke born delar av dagane sidan sist sommar. Det er
stort å få vere vitne til kor mykje born veks på vel ti månader.
Sjå meir
her.
|
 |
|
| Tur til Moa
(16.06.10) GS Sist torsdag reiste elevane på
mellomsteget på klassetur til Ålesund og Moa. Første stopp var bowling
på Baronen i Spjelkavika. Fire lag kjempa mot kvarandre. Innsatsen og
humøret var på topp
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
| 0. klasse på besøk.
(10.6.10)GFU
Torsdag 3.juni hadde 0.klasse ein skuledag
saman med 1.klassingane og onsdag 9. juni hadde dei med foreldra på ettermiddagstid.
Sjå kor kjekke dei er: |
 |
|
|
Landsdelar i sanden
(07.06.10) GS
Torsdag var mellomsteget på tur til
Sjur-Ola-sanden. Denne vekeplanperioden har elevane
prosjektarbeid om dei ulike landsdelane i Noreg. Ei av oppgåvene
var å bygge modellar av landsdelane i sanden.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
Tre , blomster
og rabarbra
( 3.6.10)AMU
Spennande dag i skogen med tre
og blomster som tema. Forskning , øving på tre, og plantenamn
stod på programmet. 2. trinnet laga god rabarbrasuppe til oss.
Les meir |
 |
|
På besøk i
Katthult
( 27.05.10)AMU
Verkstaddag om Astrid Lindgren. Ein
spennande dag der Emil og Ida var i aksjon.
Les meir |
 |
|
|
Tre kjekke dagar
med SikkSakk Europa
(26.05.10) GS
Sist veke gjennomførte elevane på mellomsteget prosjektet
SikkSakk Europa. Det er eit tilbod skulen får gjennom
organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Gjennom praktiske
aktivitetar som fiskeribedriftspel og design av framtidsbil,
fekk elevane eit spennande møte med land og ressursar i Europa.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Pinsetur i fjøra
(20.05.10) (GFU)
1. og 2. klasse på tur i "Hallgeir-fjøra"
Sjå bileta her |
 |
|
|
Jettegryter, plantar og sandslott
( 20.05.10)AMU
Spennande utedag i Ullafjøra for 3. og 4.
trinnet. I dag har vi lært om jettegryter og plantar. I tillegg
hadde vi sandslottkonkurranse.
Les
og sjå bilder |
 |
|
|
Korleis
Haramsøya har vorte forma
(10.05.10) KHF I geografi denne
perioden lærer mellomsteget om Noreg i kvartærtida. Torsdag var vi difor på sykkeltur til
Haram for å finne ut korleis Haramsøya har vorte forma.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Takk til kjekke
foreldre! Det er veldig kjekt
å kome på skulen og sjå kor fint de har laga til for oss. Kjekt
at ting vert fiksa og sett i stand. Spennande med nye leiker.
Tusen takk!
Sjå bilder |
 |
|
På
tokt med Leiv Eiriksson
(06.05.10) AMU
Ullaholmen kan brukast til så mangt.
I dag var den arena for å lære om Leiv Eiriksson. Ein kreativ,
artig, skummel og spennande dag for 3. og 4. trinnet.
Les meir |
 |
|
Mellomsteget med
musikalsuksess (05.05.10)
GS
Etter påske har dei 23 elevane på mellomsteget øvd inn musikalen
"Lausøyre eller andre løysingar". Torsdag i veke 17 var det
klart for framføring på Haramsøy samfunnshus. Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
|
Storylinen:
27.04.10 GFU
På tur for å sjå kvar skulen på
Åkre stod.
Her gjekk det over stokk og
stein, mo og myr.
Sjå bilete her. |
 |
|
På "fuglejakt" i
fjøra
(26.04.10)
GS
Torsdag var mellomsteget på utedag i fjøra. Vi gjekk tur frå
H-Produkter og ut mot Håneset. På vegen tok vi oss god tid,
grilla pølser, leitte etter levande kryp og høyrde etter
fuglelydar. Vi har hatt om dei vanlege fuglane og høyrt på
fuglelydar denne planperioden.
Sjå fleire bilete
her.
|
 |
|
Spennande med storyline
(22.4.2010 AMU)
Vi har reist tilbake til 1950-talet
og prøvar å finne ut mest mogleg om dei tre skulane som var på
øya den gongen. Vi ringer, intervjuar, les, teiknar, skriv, bygg
og undrar oss. Elevane er veldig flinke og vi er godt i gong.
Litt bilder frå veka |
 |
|
|
Haramsøy skule 50 år
(09.10.10) GS
Torsdag før påske feira tilsette, elevar,
foreldre og bygdefolk at Haramsøy skule er 50 år. På
ungdomsskulen var det rigga til med biletutstilling som fortalde
om utviklinga frå 1959 og fram til våre dagar. Vidare var det
kafé for gjestar som vart kaffitørste og til slutt ei særs
vellykka festframsyning i samfunnssalen.
Sjå MANGE bilete
her
|
 |
|
| 1. og
2. klasse på tur til Åsgard
(08.04.10) GFU
Torsdag 8. april gjekk vi
gjennom Jotunheimen og over til Åsgard
Her møtte vi m.a.
Fenrisulven.
Sjå meir her |
 |
|
Fugleobservatørar
(08.04.10 AMU)
3.
og 4. trinnet var i dag på "jakt" etter fuglar. Dei
hadde med skjema der dei skreiv inn antall fuglar med
teljestrekar. Vi såg mange fuglesortar på veg til
Sjurlafjøra, både trekkfuglar og standfuglar. Då vi kom
tilbake til skulen laga vi søylediagram i utebøkene. Vi
behandla dei dataene vi hadde samla inn på turen.
Elevane var ivrige og flinke.
Bilder frå dagen |
 |
|
|
Påskeverkstad
(18.03
GFU) Torsdag 18.mars hadde
småskulen påske som tema på verkstaden.
Kom i
påskestemning her |
 |
|
|
Kattekista
(12.03.10)HSR
I dag fekk elevane frå 1. - 7. klasse frå Haramsøy
og Lepsøy besøk frå kultursekken. Denne gongen med forestillinga
"Kattekista".
Les meir og sjå bilete her. |
 |
|
| Plask, plask ! Vi
marsjerer i gummistøvler.....
(11.03.10)AMU
Gøy med utedag for heile barneskulen + dei eldste i
barnehagen. Først var det natursti, så var det frileik. Masse spennande
å leike med i elva og diverse dammar i dag. Kjekt å vere store og små
ilag. 4. dag i aktivitetsveka er over.
Bilder
frå dagen |
 |
|
| Dag 2 i aktivitetsveka. (09.03.10) HSR
Aktivitetsløype stod på programmet i dag i
høvet aktivitetsveka på barneskulen. Elevane vart delt i 6
grupper som fekk kvar sitt kart med avmerka postar. Alle skulle
innom 4 postar.
Sjå bilete her |
 |
|
| Kick-off på
aktivitetsveka!! (08.03.10) HSR
I dag var det stor aktivitet i gymsalen då
barneskulen hadde kick-off på aktivitetsveka si. Denne veka skal
dei ha ulike aktivitetar frå klokka 10.30 til 12.00 kvar dag.
Sjå nokre bilete
her |
 |
|
Karneval 2010(
1.3.2010) AMU
Bildekavalkade -
sjå her |
 |
|
| HUSK
Grand Prix 2010!! (20.02.10) HSR
Endeleg er bilda frå årets Grand
Prix-forestilling ved Haramsøy Skule lagt ut. Ein fullsatt
gymsal fekk oppleve 8 melodiar frå 50-/60-talet med nye tekstar,
fantasifulle kulisser, kreativ dans og mange flotte
vokalprestasjonar. Tradisjonen tru var bandet òg elevar frå
ungdomsskulen med vår eigen "Grand Prix-general" Geir som
kapellmeister!
Sjå MANGE bilder
her |
 |
|
| Ein
vanleg skuledag... (16.02.10) HSR
Om ein står på utsida ser det ut som ein
vanleg, solrik februardag på ungdomsskulen, men på innsida får
du raskt eit anna inntrykk. På alle rom er det stor aktivitet.
Sang, dans, snekring, maling, speling og diskusjon. Elevane
førebur seg til HUSK GRAND PRIX som tradisjonen tru vert
arrangert torsdag før vinterferien (kl 19.00).
Sjå nokre bilete frå førebuinga
her. |
 |
|
|
Renovering av barneskulen (16.02.10) HSR
Alle
klasseromma på Haramsøy barneskule skal no renoverast. Det skal
leggast nye golvbelegg, setjast opp nye veggar og tak, og det
skal setjast inn nye vindauge. Fram til no har det vore arbeid
berre i kjellardelen av bygget men no vil snekkarane byrje det
omfattande arbeidet med hovudetasjen. Då må elevane i 1.-4.
klasse flytte frå dei vanlege klasseromma til andre, "nye"
klasserom.
Sjå meir informasjon
her (pdf). |
 |
|
Skitur
på Longva og Flem (05.02.10)
GS
Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur på Longva og
Flem. Nordøy Idrettslag har køyrt opp svært fine skiløyper med
løypescooter. Løypenettet går over mest heile Flemsøy/Skuløy frå
fjell til fjøre.
Sjå fleire bilete
her. |
 |
|
| Same-verkstad på småskulen
(04.02.10)GFU 6. februar nærmar seg og då er tid for
å lære om samane. Sjå meir
her |
 |
|
|
Fantastisk filmkonsert!

Les
meir |
 |
|
|
Prosjektarbeid om Antikken
(02.02.10)
GS
I veke tre og fire arbeidde elevane på
mellomsteget med tema "Antikken". I det låg ulike oppgåver frå
det gamle Hellas, Roma og Romarriket. Tre grupper arbeidde med
Romarriket, medan fire grupper tok føre seg det gamle Hellas.
Sjå nokre av elevarbeida
her. |
 |
|
|
Arbeid med likningane i 9.klasse
(01.02.10) HSR Ordet likningkjem
av verbet å likne. Å snakke i likningarer er å forklare noko som
er vanskeleg å forstå, ved hjelp av bilete frå kvardagslivet.
Dette har vi i 9.klasse teke bokstavleg og laga teikneserie av
nokre av likningane Jesus fortalde.
Sjå nokre av elevarbeida
her. |
 |
|
Velkommen
på filmkonsert søndag 31.01.2010 kl. 15.30
Barneskulekoret er klar med dans og sang. Vi gler oss veldig til
å synge og danse saman med korpset.
Generalprøve laurdag kl. 12.30. |
 |
|
Verkstad om vinter og vinterfargar
(28.01.10) AMU
I dag handla verkstaden om vinteren
og korleis snøen fekk farge.Vi hadde ein kreativ og spennande
verkstaddag.
Les
meir |
 |
|
Sov du?
(26.01.10) HSR
I dag fekk dei yngste på skulen sjå ei
fartsfylt og humoristisk danseframsyning om to venner og dei siste
eventyra deira når den eine søv over hjå den andre.
Puter som regna og flaug, puter som gjekk sund så fjæra fauk. Laken
og teppe vart til store dromedarar og til slutt i den magiske
skumringa sovna vennene til John Blund.
|
 |
|
|
Ny vri i faget mat og
helse (26.01.10) HSR
No etter jul har det vore byggjeaktivitet i
kjellaren på barneskulen. Det har fått følger for undervisninga i
Mat og Helse på ungdomskulen. Utan skulekjøkenet har lærar Sigrun
vore nødt til å legge matlaginga til andre arenaer. Sist tirsdag
stod bål med potet i folie på planen. Dette vart ein suksess!
Fleire bilete kjem snart |
 |
|
Skidag på Longva
(20.01.10) HSR/OEM
Torsdag 14. januar dro alle elevane ved ungdomskulen til Longva
for å kose seg på ski. På Longva hadde idrettslaget kjørt opp skispor og
det var perfekte forhold. Det ble arrangert både prolog og jaktstart i
klassisk stil, med stort engasjement og upåklageleg innsats i både gute-
og jenteklassen.
Fleire bilete
ligg no her! |
 |
|
Intens øving!
(22.01.10) HSR
På barneskulen er det for tida intens song- og danseøving. Dei
skal, tradisjonen tru, vere med på konserten til Haramsøy skulekorps.
Dei syng og dansar med stor innleving! Vi oppmodar alle til å ta ein tur
på konsert for å sjå og høyre desse flinke elevane den 31. januar på
Haramsøy Samfunnshus!! |
 |
|
|
1.-4.klasse: ski/akedag på
Longva (21.01.10)GFU
Denne
gongen var det småskulen sin tur til å nyte ein flott skidag.
Vi fekk boltre oss i bakkane og prøve løypene.
Sjå bilete
her
|
 |
|
|
Vinter er kjekt
(19.01.10) GS
Sist torsdag var elevane på mellomsteget på skitur
til Bendik-bakken ovanfor Johannesgarden. Snøen blenkte og skein i den
vakre vintersola. Vi hadde med ved, så det vart grilling. Elevane hadde
med varm drikke og godt vinterutstyr, så dagen gjekk fort.
Les og sjå
meir her |
 |
|
|
5 rette
(15.01.10) SR/HSR Heile 1.400 elevar frå 20
ungdomsskular spredt frå Nordfjorden til Romsdalsfjorden
var med i nyhetskonkurransen ”5 rette”som Sunnmørsposten
arrangerte i haust.
Sidan den 12. oktober har elevane fått 5 spørsmål frå
nyhetsbildet kvar veke. Dei tre beste laga skulle møtast
til finale på Color Line stadion. 9. klasse si gruppe 9D
låg på første plass før finalen og dermed vart det tur
til byen. På grunn av at det vart delt 3.plass var det 4
lag som møtte til finale. Skarpare konkurranse med andre
ord...
Les og sjå
meir her |
 |
|
Meir
badebilete
(15.01.10)HSR
Kuldegrader og mykje snø har vore populært hos både unge
og gamle i desember og januar. Sjeldan har vi hatt
anledning til å dyrke vinterlege aktivitetar så lenge på
ein gong. MEN når ein skal bade i sjøen kvar torsdag, er
det nokre av oss som kanskje skulle ønskje at det ikkje
var fullt så kaldt...
Sjå fleire
bilete her. |
 |
|
Årstidsverkstad
(7.1.2010)AMU
Spennande verkstad om året
og månadene. Greier vi å lære namnet på dei 12 månadene
og dei fire årstidene tru? Les og sjå meir frå
årstidsverkstaden vår
her
|
 |