| Mellomsteget brukte første vårdagen
til tur på Myskjafjellet Torsdag brukte mellomsteget utedagen til ein utforskartur på Myskjafjellet. Vi var så heldige at vi fekk ein strålande vakker vårdag. Vi gjekk opp frå skulen til Røhammaren som var første stopp. Der var det stor aktivitet med leik i skogen og klatring i steinurane. Ei god matpause rakk vi også. Så følgde vi råsa på sørsida av fjellet til Varden der vi trefte barnehagen som også var på tur. Tilbake på skulen att hadde vi rakettkonkurranse på grusbana. To av rakettane gjekk så det susa. Ein kjekk dag med mykje aktivitet. Og ein del såre musklar etter ein lang vinter med lite fjellturar. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|