Foreldrefest på mellomsteget
30.01.09
Torsdag kveld avslutta mellomsteget storyline om Stjerneskipet Alexandria, eit enormt bibliotekskip som samlar og lagrar kunnskap. Elevane har vore tidsspionar i tre veker. Dei har samla inn kunnskap om universet og den blå planeten Tellus, kunnskap som no er lagra i den sentrale datamaskina til stjerneskipet. Tidsspionane har reist i tid og rom. Det er lagra kunnskap om indianarane i Mexico og Peru, om tida til faraoane i Egypt, om vikingtida og svartedauden. Biblioteket har vorte oppdatert med fakta og illustrasjonar om hinduisme, jødedom, buddhisme og islam. Vidare har vi utforska vatn både i flytande og fast form, gjennom besøk på Atlanterhavsparken og tur på skeiseisen på Lisjemyra.

Torsdag kveld presenterte tidsspionane kunnskapen som var innsamla gjennom powerpoint, veggavis, modellar og ikkje minst gjennom tidsskipa sine. Svært kjekt var det at så mange foreldre, søsken, besteforeldre og venner møtte opp for å gjere stas på arbeidet til dei flinke elevane. Og jordboarane fekk smake på ekte spacemuffins baka av tidsspionane. Storyline er ein metode for læring som motiverer fordi elevane får bruke mange ulike sterke sider.

Modell av eit buddhisttempel


Modell av ei synagoge