Lære ved å gjere
I storyline lærer elevane gjennom å vere aktive sjølve. Dei blir ikkje ”belærte”,
men lærer gjennom å oppdage, tenkje og handle. Elevane samlar inn,
bearbeider og vurderer informasjon. Dei tolkar, fabulerer, gjettar og
kommuniserer. Overraskingsmoment brukast pedagogisk ved at vi lærarane
lar uventa ting skje. Ting som får temaet til å ta andre retningar.
Dermed oppstår nye utfordringar som elevane må finne svar på. Slik øvast
evna til problemløysing og samarbeid.
Ei oppdikta verd
Ved å lage ein storyline, ei slags temaforteljing, gir elevane liv og
innhald til ei oppdikta verd. Denne verda gjer elevane synleg gjennom å
lage tredimensjonale modeller, veggaviser, datapresentasjonar og
framføringar. Dette viser kva elevane forstår, erfarer og undrar seg på
om teamet.
Stjerneskipet
Alexandria
Vår oppdikta verd denne gongen er stjerneskipet Alexandria som er på veg
i det uendeleg universet. Stjerneskipet har med seg bibliotekarar,
tidsspionar, som hentar inn kunnskap frå fjerne galaksar og solsystem.
No har Alexandria kome til vårt solsystem, og tidsspionane må hente inn
kunnskap om planeten Tellus til den sentrale datamaskina.
Mange oppdrag
Vi har henta kunnskap om solsystemet vårt, om Egypt på faraoane si tid,
om vikingane, om svartedauden i Noreg og om indianarane i Mexico og
Peru. I tillegg har vi utforska livet i havet på den blå planeten Tellus
gjennom ein tur i lag med jordboarane til Atlanterhavsparken i Ålesund.
Og fleire oppdrag ventar!
Publikum viktig
Til slutt skal elevane presenterer det dei har gjort for kvarandre og
foreldra. Det er motiverande å ha eit mål med arbeidet og eit
interessert publikum. Slik lærer elevane av kvarandre når andre grupper
legg fram sine arbeid, og dei lærer sjølve ved å presentere sitt arbeid
for andre. Vurdering lærer dei ved å gi tilbakemelding til kvarandre
etter kvar presentasjon.
|