Haramsøy skule 50 år


Torsdag før påske feira tilsette, elevar, foreldre og bygdefolk at Haramsøy skule er 50 år. På ungdomsskulen var det rigga til med biletutstilling som fortalde om utviklinga frå 1959 og fram til våre dagar. Vidare var det kafé for gjestar som vart kaffitørste og til slutt ei særs vellykka festframsyning i samfunnssalen. Vi tilsette er stolte av å ha så mange flinke og positive elevar, så mange hjelpsame foreldre og ikkje minst bygdefolk som stiller opp og viser interesse for det skulen står for i dag. Det viser at skulen har greidd å utvikle seg i takt med tida.

Tre grendeskular
Rektor Knut Åkre orienterte kort om skuleutvikinga på øya vår. Før 1959 var det tre grendeskular, på Ulla, på Austnes og på Åkre. Betre kommunikasjonar og auka krav til bygningsmasse og innhald i skulen, gjorde at tanken om ein felles skule vaks fram. Den nye skulen Haramsøy skule på Austnes stod klar til skulestart hausten 1959. Då hadde skulen 98 elevar frå Haramsøya. I dag har skulen om lag same elevtalet med elevar frå tre øyar.

Prolog frå opningsfesten i 1959

Opningsfesten i 1959 vart teken opp på lydband. Det har Knut Ulla digitalisert. Han introduserte sjølv faren, Johan B. Ulla, sin prolog som vi fekk i originallyd og med tekst på storskjerm. Guttorm Ulla heldt kåseri med der vi fekk innblikk i skulen både før og no. "I ein god skule er det ikkje berre dei flinkaste og best som vinn. I ein god skule er alle vinnarar. Dette er noko Haramsøy skule har jobbar med jamt og trutt," understreka kåsøren.

Haramsøy skulekorps
Ein stor del av elevane er med i Haramsøy skulekorps som også samarbeider årleg med Haramsøy barneskulen om temakonsertar. Barneskulekoret og solistar frå korpset og bygda står for songen, korpset for musikken. Publikum fekk nyte smakebitar frå konserten tidlegare i år der temaet var "Grease". Snakk om songglede og musikalske perler! Når vi i tillegg fekk besøk av sjølvaste Oddgeir Bruaset (Odd Einar Molnes) som fortalde om Lars Ulla si strabasiøse ferd i robåt frå Ulla for å kome på skule på Austnes, kom gapskratten fram! Nesten betre enn originalen!

Mange å takke
Rektor Knut Åkre hadde mange å takke etter festen. Leiar i FAU, Torleiv Austnes, fekk velfortente blomar som representant for svært imøtekomande foreldre. Elevrådsleiar Maria Ulla tok imot ein sjekk på ti tusen kroner, jubileumsgåve frå Sparebanken Møre. "Pengane skal brukast til trivselstiltak ved skulen," understreka Beate Tomren. Dermed enda ein vellykka fest, fint balanserande mellom høgtid og humor, og med både tidlegare og noverande elevar i fokus. 

 


Mange studerte dei tre hundre bileta
 

Per, Jarle og Johan fann bilete av kjenningar


Wenche, Birgit og Olga starta i første klasse på heilt ny skule i 1959
 

Lyd og lys må vere i orden


Rektor Knut fortalde om skuleutviklinga på Haramsøya
 

Arvid Steen er inspirerande dirigent for skulekorpset


Barneskulekoret med solistar
 

Grease - gutane


Meir Grease
 

Mellomsteget hadde øvd inn typiske klasseromssongar frå 60-talet
 


Ungdomsskulen stilte med songar frå Grand Prix
 

Meir Grand Prix


Til slutt Grand Prix-vinnarane
 

Skulebandet


Oddgeir Bruaset og Lars Ulla
 

Kåsør Guttorm Ulla blir takke med blomar av festleiar Odd Einar Molnes


Beate Tomren overrrekte jubileumsgåve frå Sparebanken Møre
 

Ein svært nøgd rektor Knut Åkre takk Torleiv Austnes som representant for foreldra