Prosjektarbeid om Antikken
 
I veke tre og fire arbeidde elevane på mellomsteget med tema "Antikken". I det låg ulike oppgåver frå det gamle Hellas, Roma og Romarriket. Tre grupper arbeidde med Romarriket, medan fire grupper tok føre seg det gamle Hellas. I arbeidet hadde elevane mange ulike tema: Byen Roma, Pompeii, keisarane i Roma, Dei olympiske leikane, dei greske gudane, teater, kvardagsliv, Troja og utviklinga av gresk og latinsk skrift. Arbeidet skulle presenterast på storskjerm ved bruk av Power Point, med modellar og ved framføringar.

På førehand hadde vi snakka om kva som måtte til for å lage ein god presentasjon. På skjermen skulle det berre visast stikkord og bilete. Manus måtte skrivast for seg og lærast ordentleg. Det er viktig å snakke seint og høgt og kunne forklare orda ein bruker. Alle elevane hadde sine oppgåver å presentere. Det meste av siste torsdagen gjekk med til øving og kvalitetssikring. Fredag i veke fire var det presentasjon. Snakk om flinke elevar. Resultatet vart svært innhaldsrike presentasjonar framførte med klare og høge stemmer, med stikkord på skjermen og elevar som kunne det som skulle seiast. Modellar av Pantheon, laurbærkransen til OL-vinnaren, greske teatermasker, romersk amfiteater, toga, vasar med gresk dekor og den trojanske hesten var med å klargjere læringsmåla. No kan elevane vere guidar neste gong familien er på tur til Hellas, Roma eller landa i det gamle Romarriket.

 

Tema: Byen Roma

Modell av Pantheon i Roma, eit tempel for alle gudar
 

Tema: Byen Pompeii Modell av Pompeii og vulkanutbrotet
 

Tema: Keisarane i Roma Modell: Amfiteater med gladiatorar og publikum på plass
 

Tema: Det gamle Hellas Modell: Hjelm og svartfigurvase
 

Tema: Olympiske leikar og teater Modell: Maske tragedie og komedie + laurbærkrans
 

Tema: Kvardagsliv i det gamle Hellas. Modell: Ein typisk vase Tema: Troja og skrift. Modell: Den trojanske hesten