Tor og Loke hos jotnane

Sist torsdag kveld inviterte mellomsteget til musikal med tema frå norrøn mytologi på Haramsøy samfunnshus. Knappe hundre tilskodarar fekk oppleve eit fyrverkeri av ungdommeleg utfalding på scena. Modige elevar stod fram med skodespelkunst, dans og svært gode songprestasjonar. Ikkje rart at mange av dei frammøtte vart imponerte!Musikalen ”Tor og Loke hos jotnane” fortel historia om då Tor misser hammaren sin. Det viser seg at han har hamna i Utgard hos Trym og trolla hans. No er gode råd dyre. Sleipe Loke veit råd, og det endar med at Tor kler seg ut som brud og reiser til Utgard for å prøve å finne hammaren. Vi kan røpe at det endar godt for Tor og gudane. Verre går det med Trym og trolla. 

Klokkerein song
Og elevane levandegjorde dei femte rollefigurane på ein svært sikker måte. Dei førti minutta gjekk flytande utan nøling. Alle kunne replikkane sine! Songane kom klokkereint! Dei som trur at elevane no til dags ikkje kan lærer ting utanboks, må tru om att. Det viste desse elevane. Dei hadde knapt bruk for sufflør. Torleiv Austnes stilte velvilleg opp og  rigga opp lyd og lys. Med songmikrofonar, ”myggar” og lys- og lydeffektar vart musikalen enno betre.  

Solistar i kø
Lærar Kathrine Fjørtoft har hatt ansvar for øvingane. Ho fortel at musikalen er laga av Hilde Midtstue og Christin Prøis. Dei står bak både tekst og musikk. Så har lærarane omarbeidd stykket til dialekt. Fjørtoft rosar elevane. ”Då eg spurde om dei hadde lyst til å vere med på ein musikal, var det ja frå alle nitten med ein gong. Dei stod i kø for å få vere songsolistar. Og dei har vore svært tolmodige. Dei siste to vekene har det vorte mykje øving og terping på detaljar. Det har elevane takla utan suring og utan konfliktar. Det har vore berre kjekt!” 

Symjetur
Etter førstillinga strålte elevane. Og lovorda sat laust frå eit publikum som ikkje hadde venta noko slikt. Når skule og lokalmiljø møtest slik, skapast god læring og gode relasjonar. Når vi spør elevane kvifor dei satsa på ein musikal, er svaret: ”Vi har lyst på ein tur i lag til Moa for å bade, ete eit måltid i lag og berre kose oss. Det kostar pengar, og dermed vart det ein musikal. Og heldigvis kom det mykje folk. No kan vi heilt sikkert reise!” Alle smiler heilt rundt.  Og lærarane lovar at tur blir det! Greitt å sjekke symjeforma før sommaren og badesesongen!

Først skal kostymer og sminke på plass. Det er spennande å kle seg ut! Med skjegg og parykk blir Loke skapt!
Trym i lag med trolla sine Frøya sin vakre song Eg er Tor! Eg er stor!
Loke finn på ein god plan! Loke sin lure song Eplejenta sin song med dans dans til
Trym vil sikre seg makt over gudane..... ...og får hjelp av trolla sine.. Tor sin hammar gir styrke og makt
Og så var det alle på scena til velfortent applaus!