| Mellomsteget med musikalsuksess |
| Etter påske har dei 23 elevane på
mellomsteget øvd inn musikalen "Lausøyre eller andre løysingar". Torsdag
i veke 17 var det klart for framføring på Haramsøy samfunnshus. Elevane
lurte svært på om det kom til å kome publikum, og dei vart overraska då
neste sytte personar løyste billett i tillegg til dei mange borna.
"Jippi! No får vi inn pengar til ein Moa-tur!" Eit av måla var nådd! Musikalen handlar om skulejenta Ida som ikkje har det godt. Ho vert mobba! Medan ho søv drøymer no. Det verkar som ho vaknar i ei fantasiverd der dyra snakkar. Det viser seg at dei store, sterke bjørnane vert plaga av kaninane. Kva som er "in" i skogen styrast av Børdi i toppen av "Kvitretreet". Alle elevane deltok på scena i ulike roller. Det var replikkar og song. Mykje vakker song! Modige elevar stilte opp i lag eller åleine og gjorde ei strålande tolking av musikalen. Vakre kostymer fekk elevane låne frå Flem skule som har vist musikalen tidlegare. Og med ordentleg lydanlegg, mikrofonar og scenelys vart framføringa ein suksess. Resultat: Stolte elevar, stolte lærar og stolte foreldre, slektningar og bygdefolk mellom publikum som var rause med ros etter framføringa. Då vi etterpå spurte elevane kva dei hadde lært, fekk vi fleire svar. - Vi har lært at det er vondt å bli mobba, og at vi må tenkje på kva vi seier og gjer. - Vi må våge å gjere det som er rett. - Vi har lært å snakke og synge i mikrofon. - Vi har lært at vi greier å få til det vi prøver på når alle gjer sitt beste - Vi har lært at det er kjekt å få ros når vi har gjort noko bra |
|
|
|
Godt med foreldre som stiller opp og riggar lys og lyd |
Det må sjekkast at lyset virkar! |
|
|
|
Sminke er viktig! |
Kostyme og sminke kan forvandle nokon til bjørn.... |
|
|
|
......eller til tøffe kaninar |
Klar for framføring! |
|
|
|
Bjørnane vart plaga. "Bjørna e`kje inn!", song dei. |
Til slutt moralen: "Stå opp og vere sterk, sei ifrå at ditta vil ej ikkje ha". |