Musikalsuksess
 
"Jippi! Vi greidde det! Elevane på mellomsteget jubla etter framføringa av musikalen "Hemmelegheita på loftet" torsdag kveld. I ein knapp time fekk eit lydhøyrt publikum på Haramsøy samfunnshus ein leksjon i ord og tonar. Ein leksjon om den nære historia til landet vårt frå 1814 og fram til våre dagar.

"Jammen lærte eg mykje i dag! Dette var ein svært behageleg måte å få servert kunnskap om 17. mai på," uttalte ein nøgd billettkjøpar etter framføringa. "Og så flinke som elevane var! Nei, dette var rett og slett rørande!" Og publikum hadde god grunn til å vere rause med applausen. Replikkane sat klistra, songtekstane sameleis.

Historia i musikalen går føre seg på eit roteloft der ei tenåringsjente i trassalderen vekkjer til live ei gammal datamaskin. Det viser seg at maskina inneheld mykje spennande kunnskap. Kunnskap som endrar jenta si haldning til grunnlovsfeiringa vår. Gjennom dialogar, songar og bilete får publikum møte kjende personar som til dømes Henrik Wergeland, Carsten Anker, Christian Fredrik og Bjørnstjerne Bjørnson. Vidare får tilskodarane vere med på historiske hendinga som "Torgslaget", det første barnetoget og motstandskampen i andre verdskrigen. Eit tankevekkjande innslag om korleis ein flyktning opplever nasjonaldagen bringar oss fram til dagens Noreg.

Elevane vil gjerne takke Bjørn Peder Austnes og Torleiv Austnes som stilte opp og medverka til at lyd og bilete fungerte feilfritt. Og ei stor takk til alle som hjelpte til å rydde salen. Utan god støtte og hjelp frå foreldra hadde ikkje resultatet vorte så godt. Og så er vi svært takksame for at familie, slekt og bygdefolk stiller opp som publikum og heiar på elevane. Det hjelper oss til å gjere skulen til ein god stad å vere, til ein god stad å lære.

 


På roteloftet
 
Johannes skreppekar kjem med nytt Tre paragrafar


På veg til Akreshus
 
Leve Constitusjonen! Unge Henrik Wergeland samtalar med faren


Fredrik Meltzer, far til flagget vårt
 
Song om Wergeland sin død Klar til første barnetodet


Bjørnson planlegg første barnetoget
 
Første barnetoget Jentene vil også vere med


I 1889 fekk jentene også gå i tog
 
  Motstandskamp


Motstandskap med strømper i flagget sine fargar
 
"Ein raud, ein kvit, ein blå" Aldri meir rasisme!

Korleis kan dei unge vise motstand? Jau...binders!! Frå avslutningsnummeret  

   
Mykje ros frå publikum