"Hemmelegheita på loftet"
 

Den siste tida har elevane på mellomsteget øvd på ein musikal som heiter "Hemmelegheita på loftet". Den handlar om korleis Noreg voks fram til å bi ein sjølvstendig nasjon. Vi møter kjende personar som Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson. Vi er innom hendingane i 1914 då vi fekk grunnlova vår. Vi er innom sentrale årstal som 1905 då vi braut ut av unionen med Sverige. Så er vi innom andre verdskrigen og ikkje minst innom dei utfordringane nasjonen vår møter i dag. Det er vel verdt å ta seg ein tur på Haramsøy samfunnshus torsdag kveld klokka 19.00 for å sjå og lære av dei flinke elevane. Vel møtt!