Tre kjekke dagar med SikkSakk Europa
 

Sist veke gjennomførte elevane på mellomsteget prosjektet SikkSakk Europa. Det er eit tilbod skulen får gjennom organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Gjennom praktiske aktivitetar som fiskeribedriftspel og design av framtidsbil, fekk elevane eit spennande møte med land og ressursar i Europa. Vidare fekk elevane gjennom handling erfare at land i Europa er gjensidig avhengige av kvarandre, ikkje minst når det gjeld økonomi og næring.

 

Og det aller kjekkast var at vi fekk besøk av ein ”lærar” som til dagleg arbeider med nyskaping på RollsRoyce Longva, Øystein Bergheim. Han gjorde ein kjempejobb for at vi skulle ha det kjekt og samstundes lære mykje. Vidare fekk vi besøk av Jan-Kåre Vadset, kontaktperson for Ungt Entreprenørskap (UE) i fylket og rådgjevar for strategi og næringsutvikling i Haram, Kenneth Ulla.

 

”Opplegga til UE er ein flott måte å samarbeide med næringslivet på,” understrekar Kenneth. ”På denne måte kjem folk frå bedriftene inn i klasserommet. Folk frå næringslivet tek med seg andre idear og anna kunnskap inn i skulen. Slik blir skule og næringsliv betre kjende. Det  skaper variasjon og nye faglege innspel som gjer skulekvardagen rikar. Eg vil oppfordre fleire til å bruke programma!”

 

Og elevane var heilt samde med Kenneth. Det er kjekt med besøk. Dei gir Øystein ros for at han var ein flink og blid lærar med godt humør. Vidare var han dyktig til å designe framtidsbilar.

 

Om dei lærte noko? Ja, innhald i ei mengd nye omgrep: ressurs, kapital, import, eksport, investere, region, betinga fornybar ressurs, fornybar ressurs, ikkje fornybar ressurs, kapital, naturressurs, design, UE, kreativitet, menneskeleg ressurs og mange fleire. Det var litt av ei list.

 

Elevane seier at det var gøy å spele spel, å vinne, å teikne framtidsbilar, å lære meir om land og å finne ut meir om Europa. Takk til Øystein og gjestane for tre kjekke og lærerike dagar i lag med oss.

 

Sjå meir på sida til Ungt Entreprenørskap