Skuledag med "Havung"
 
Sist fredag fekk elevane i sjette og sjuande klasse oppleve ein skuledag utanom det vanlege. Klasserommet var fiskebåten "Havung", og lærar var den kunnskapsrike og alltid like entusiastiske Arne Tunheim. Til dagleg arbeider Tunheim med maritim utdanning på Volsdalsberga i Ålesund, og "Havung" er opplæringsbåten som studentane bruker. Det årlege tilbodet med "Havung" er svært populært mellom elevane våre som har gledd seg lenge til turen. Dei siste vekene har vi arbeidd med livet i havet for å førebu oss godt til turen.

Medan skipper Per set kurs mot garnlenkja i Longvafjorden, har Arne Tunheim eit lynkurs i fiskeri, økologi og verdiskaping for elevane. "Veit dokke kva vi langs kysten skal leve av når olje- og gasseventyret tek slutt?" Og elevane hugsar litt frå turen i fjor. "Fiskeri!" Svaret kjem kjapt. Og Tunheime nikkar: "Ja, fiske, havbruk og produksjon av alt utstyret som skal til for å hauste rikdommane frå havet."

Og så er det vår tur til å hauste av rikdommane i Longvafjorden. Spelet startar, garnstrengen halast inn famn for famn, så dreggen og til slutt garnet. Er det fisk å sjå? Blenkje det kvitt langt der nede? Der er ein fisk!! Og ein diger tare!! Sjå!! Ivrige hender peikar. Garna kjem inn, meter for meter. Og fangst blir det. Hyse, torsk, makrell, kolkjeft, korstroll og krabbe. Flinke elevar greier garn og bløggar fisk så gørr og sveitte driv. Etterpå er det naturfagtime rund kassa med fangst. Tunheim sprettar fisk og fortel kva dei ulike delane av innvollane heiter: Lever, milt, tarm, magesekk, rogn og blindtarm. Vi studerer augelinsa og ser at biletet i linsa faktisk er opp ned. Hjerna vår snur biletet rette vegen. Til slutt blir fisken til fine filetar som skal bli lekre rettar på skulekjøkkenet i tida som kjem.

På veg mot land blir det servert mat. Lekker fiskesuppe, sjølvsagt. Og det smakte svært godt, for snart var den dampande gryta tom. Om det var kjekt? Og lærerikt? Jaaaaa, kom det unisont frå elevane. Tusen takk for turen, Arne!!!
 

Før vi sette kurs mot feltet måtte elevane utstyrast med ......  
...oljeklede, redningsvestar og hanskar. Godt med litt hjelp!!
 


Heile gjengen samla på fordekket på "Havung
 
"Veit dokke kva varige verdiar vi har i havet", spør Tunheim?

Spelet er i gong og garnet nærmar seg


Den første fiske var ei hyse

 

Og så måtte fisken greiast ut av garnet
Elevane var svært flinke å hjelpe til
 

Det dukka opp både pyntekrabbe (trollkrabbe).....
.....og korstroll eller sjøstjerne som mange seier
 

Fangsten
Og kva heiter denne fisken?
 

No skal vi sjå om vi finn noko rart....
 Kvifor heiter denne fisken kolkjeft, tru? Ser dokke dei skarpe tennene?
 

Så var det klart for anatomi: magesekk, tarm, milt og lever
Så var det jakt på augelinsene
 

Og her ser vi tydeleg at biletet i linsa er opp ned


Her også
 

På veg mot land var det klart for servering


Og her kjem skipper Arne med den dampande gryta med lekker fiskesuppe